Donald Runnicles

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Donald Runnicles

Fødd16. november 1954 (69 år)
FødestadEdinburgh
OpphavStorbritannia
Sjangerklassisk musikk
Verka somdirigent, sjefsdirigent, musikar
Prisarkommandør i den britiske imperieorden, offiser av Den britiske imperieordenen, Knight Bachelor

Sir Donald Cameron Runnicles, OBE HonFRSE, (fødd 16. november 1954) er ein skotsk dirigent.

Liv og virke[endre | endre wikiteksten]

Donald Runnicles blei fødd i Edinburgh i 1954 som son av William Runnicles, som var direktør for eit møbelforsyningsføretak i tillegg til kormeister og organist, og Christine Runnicles.[1] Han byrja utdanninga si ved George Heriot's School i Edinburgh, og byrja seinare ved George Watson's College, som gav spesialisert musikkutdanning. Deretter studerte han ved University of Edinburgh og St John's College i Cambridge. Han studerte i eit år ved London Opera Centre.

Runnicles byrja operakarrieren sin som songtrenar og assisterande dirigent i Mannheim i Tyskland.[2] Han blei Generalmusikdirektor for byen Freiburg i 1989. I samband med dei ti åra han budde i Tyskland, har Runnicles sagy:

«I have to breathe this air, this Wagnerian air. It was life-changing and that love affair with Wagner led to what was influenced by him: the Bruckner, the Mahler.»[3]

I USA var Runnicles musikalsk leiar og hovuddirigent for San Francisco Opera frå 1992 til 2009.[4][5][6] Runnicles var gjestande hovuddirigent for Atlanta Symphony Orchestra frå september 2001 til og med 2021-2022-sesongen.[7][8][9] Frå 2001 til 2007 var han hovuddirigent for kammerorkesteret Orchestra of St. Luke's i New York..[10] Han blei musikalsk leiar for Grand Teton Music Festival i september 2005, etter å ha blitt utnemnd i august.[11] Kontrakten hans med Grand Teton blei forlenga til 2011,[12] og vidare til 2019.[13]

Runnicles dirigerte BBC Scottish Symphony Orchestra (BBC SSO) for fyrste gong i 2001.[1] I oktober 2007 kunngjorde BBC SSO at Runnicles vart blitt utnemnd som neste hovuddirigenten i september 2009, med ein fyrste kontrakt på tre år.[14][15] [16] Utnemninga var den fyrste hovuddirigentstillinga til Runnicles med eit britisk orkester.[17] I september 2011 forlenga BBC SSO kontrakten hans til 2015. [18] I oktober 2014 meldte orkesteret at Runnicles skulle slutta som hovuddirigent i september 2016.[19] Den siste konserten hans i stillinga var den 28. august 2016,[20] og han har no tittelen som dirigent emeritus for BBC SSO.

I oktober 2007 kunngjorde Deutsche Oper Berlin at Runnicles var utnemnd til neste Generalmusikdirektor, med verknad frå august 2009 og ein fyrste kontrakt på fem år.[21] I desember 2016 kunngjorde kompaniet at han kontrakten var forlenga til 2022.[22] I november 2020 blei ei ny forlenging kunngjort, til 2027.[23][24] I september 2023 kunngjorde Deutsche Oper Berlin at Runnicles ville gå av som GMD ved slutten av sesongen 2025-2026, ein sesong før den siste kontraktforlenginga, etter eigen førespurnad frå Runnicles.

I desember 2022 var Runnicles gjestedirigent for Dresden-filharmonien for fyrste gong. I desember 2023 kunngjorde Dresden Philharmonic at ville bli utnemnd som neste dirigent, med verknad frå sesongen 2025-2026.[25]

Adelle Eslinger-Runnicles og Donald Runnicles spelar firehendt piano på Deutsche Oper Berlin i 2020.

Runnicles har to døtrer, Ashley og Tamara,[2][26] frå ekteskapet sitt med den sørafrikanske fiolisten Elizabeth Prior,[27] og ei eldre dotter, Alexandra, frå eit tidlegare forhold. Han blei seinare gift med den kanadiske pilatesinstruktøren Adelle Eslinger.[28]

Prisar og utmerkingar[endre | endre wikiteksten]

Runnicles har æresdoktorat frå University of Edinburgh og Royal Scottish Academy of Music and Drama (frå februar 2011).[29] I 2019 blei Runnicles vald til æresmedlem av Royal Society of Edinburgh.[30] Runnicles blei utnemnd til riddar i Storbritannia i 2020 for tenester innan musikk.[31][32]

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

  • Beethoven: Symphony No. 9, Atlanta Symphony Orchestra
  • Bellini: I Capuleti e i Montecchi / Jennifer Larmore
  • Britten: Peter Grimes / Metropolitan Opera DVD 2008
  • Britten: Billy Budd / Bo Skovhus, Vienna Festival 2001.
  • Britten: Sinfonia da Requiem / Elgar, Davies, Turnage
  • Gluck: Orfeo ed Euridice (Berlioz version) / Jennifer Larmore, Dawn Upshaw, San Francisco Opera (SFO).[33]
  • Humperdinck: Hansel und Gretel / Larmore, Ziesak.
  • Korngold: Die tote Stadt / Salzburg Festival 2004.
  • MacMillan: Violin Concerto and Symphony No. 4/ BBC Scottish Symphony Orchestra, 2016.
  • Mozart: Requiem / Levin Edition.
  • Mozart: Symphony No. 39 and Symphony No. 41 "Jupiter" / Orchestra of St. Luke's, 2011.
  • Orff: Carmina Burana / Hong, Atlanta.
  • Puccini: Turandot / Éva Marton, Michael Sylvester. SFO. (DVD, Naxos Records)[34]
  • Strauss: Capriccio / Kiri Te Kanawa, Tatiana Troyanos, Director: Peter Maniura. SFO. (DVD)[35]
  • Strauss: Ein Heldenleben, and others / NDR SO Hamburg.
  • Strauss: Four Last Songs; Wagner: Liebestod / Christine Brewer.
  • Wagner: Tristan und Isolde / Brewer, Treleaven, Rose.
  • Wagner: Wesendonck Lieder; Strauss: Four Last Songs; Alban Berg: Seven Early Songs / Jane Eaglen, London Symphony Orchestra
  • Wagner: Arias, Wesendonck Lieder / Jonas Kaufmann, DO
  • Wagner: Der Ring des Nibelungen / 'Orchestral Scenes', Dresden Staatskapelle
  • Wallace: Harvey Milk / San Francisco Opera

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Tim Cornwell (10. oktober 2009). «Interview: Donald Runnicles – Conducting electricity». The Scotsman. Arkivert frå originalen 2. februar 2013. Henta 1 October 2011. 
  2. 2,0 2,1 Stephen Moss (11 December 2002). «Remember my name». The Guardian. Henta 14. september 2008. 
  3. BBC Radio 3's Performance on 3, 26 January 2010
  4. Ben Mattison (16 November 2004). «San Francisco Opera Music Director Donald Runnicles Extends His Tenure». Playbill Arts. Henta 21. desember 2007. 
  5. Matthew Westphal (18. september 2006). «Donald Runnicles's Contract at San Francisco Opera Will Not Be Renewed». Playbill Arts. Henta 21 December 2007. 
  6. Joshua Kosman (16 September 2006). «Runnicles won't renew contract with S.F. Opera». San Francisco Chronicle. Henta 3 October 2007. 
  7. Ben Mattison (21 September 2005). «Atlanta Symphony Extends Contracts of Spano and Runnicles». Playbill Arts. Henta 23 December 2007. 
  8. Rosalind Bentley (18 January 2012). «Runnicles extends ASO contract». Access Atlanta. Arkivert frå originalen 21 January 2012. Henta 19 January 2012. 
  9. Taylor Grant (23. mars 2022). «Atlanta Symphony's 2022-23 Season: Stutzmann's First, Runnicles's Last» (PDF). Musical American. Henta 24. desember 2023. 
  10. Allan Kozinn (3 February 2002). «A Courtship of Conductor and Orchestra». The New York Times. Henta 25 December 2011. 
  11. Emily Quinn (29 August 2005). «Donald Runnicles Named Next Music Director of Grand Teton Music Festival». Playbill Arts. Henta 23 December 2007. 
  12. Joshua Kosman (2 October 2007). «Opera's Runnicles to lead BBC Scottish Symphony Orchestra». San Francisco Chronicle. Henta 20 November 2007. 
  13. «Maestro Runnicles Renews Grand Teton Music Festival Contract Through 2019» (Press release). 9 July 2014. Arkivert frå originalen 25 October 2014. Henta 25 October 2014. 
  14. Tim Cornwell, "Conductor back after 18 years to lead BBC Scottish Symphony Orchestra". The Scotsman, 2 October 2007.
  15. Matthew Westphal (1 October 2007). «Homecoming: Donald Runnicles to Succeed Ilan Volkov at BBC Scottish Symphony Orchestra». Playbill Arts. Henta 14 September 2008. 
  16. Kenneth Walton (6 May 2009). «Donald Runnicles interview: The return of the prodigal son». The Scotsman. Henta 22 September 2009. 
  17. «Donald Runnicles extends his contract with the BBC SSO» (Press release). BBC Scottish Symphony Orchestra. September 2011. Henta 1 October 2011. 
  18. «Donald Runnicles to become BBC Scottish Symphony Orchestra's Conductor Emeritus» (Press release). BBC Scottish Symphony Orchestra. 22 October 2014. Henta 25 October 2014. 
  19. «Donald Runnicles to become BBC Scottish Symphony Orchestra's Conductor Emeritus» (Press release). BBC Scottish Symphony Orchestra. 22 October 2014. Henta 25 October 2014. 
  20. Kate Molleson (29. august 2016). «Gurrelieder review – almighty blast of Schoenberg rounds off festival». The Guardian. Henta 3. oktober 2016. 
  21. Matthew Westphal (31 October 2007). «In Sudden Appointment, Donald Runnicles Named Next Music Director of Deutsche Oper Berlin». Playbill Arts. Arkivert frå originalen 1 November 2007. Henta 1 November 2007. 
  22. «Vertragsverlängerung mit Donald Runnicles» (Press release). Deutsche Oper Berlin. 7 December 2016. Arkivert frå originalen 20 December 2016. Henta 13. desember 2016. 
  23. «Vertragsverlängerungen der Leitungsspitze der Deutschen Oper Berlin» (Press release). Deutsche Oper Berlin. 2 November 2020. Henta 3. november 2020. 
  24. «Sir Donald Runnicles verlässt die Deutsche Oper Berlin bereits 2026» (Press release). Deutsche Oper Berlin. 1 September 2023. Henta 12. september 2023. 
  25. «Sir Donald Runnicles soll Chefdirigent der Dresdner Philharmonie werden» (Press release). Stadt Dresden. 20 December 2023. Henta 24. desember 2023. 
  26. "Conductor returns to the source". The Times, 1 March 2009.
  27. "Conductor returns to the source". The Times, 1 March 2009.
  28. James Ehnes (27. september 2017). «Violinist James Ehnes on the Majestic Sights & Musical Moments at the Grand Teton Music Festival». Strings Magazine. Henta 12. oktober 2020. 
  29. Bell, Katie. «Distinguished conductor to receive honorary doctorate at The RSAMD». Henta 23 April 2023. 
  30. «Dr Donald Cameron Runnicles OBE HonFRSE» (på engelsk). Henta 15. mars 2019. 
  31. «No. 63135». The London Gazette (Supplement): B2. 10 October 2020. 
  32. «Birthday 2020 Diplomatic Service and Overseas List» (PDF) (Press release). Government of the United Kingdom. 9 October 2020. Henta 12. oktober 2020. 
  33. «Gluck Orphée et Eurydice Berlioz version: Larmore, Upshaw, Hagley, Runnicles». Donald Runnicles. Henta August 30, 2017. 
  34. «PUCCINI, G. : Turandot (San Francisco Opera, 1994) (NTSC) - 100089». Naxos Records. Henta August 30, 2017. 
  35. Pasles, Chris. «TV REVIEWS: Kiri Te Kanawa in Strauss' 'Capriccio'». Henta August 30, 2017.