Bad Kissingen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Broom icon.svg Denne artikkelen kan ha godt av ei opprydding for å nå ein høgare standard og/eller for å verta i tråd med standardoppsettet. Sjå korleis du redigerer ei side og stilmanualen for hjelp.

50°12′N 10°04′E


Bad Kissingen er ein større krinsby i Regierungsbezirk Unterfranken, og hovudsete i Landkreis Bad Kissingen nordvest i den tyske delstaten Bayern, nær grensa til Hessen. Byen ligg ved elva Fränkische Saale sør for Rhön-fjella.

Byen er kjend for sine helsebringande kjelder (kurbad), som blei påvist i år 823. Kissingen blei omtala som by fyrste gong i 1279.

Under Main-felttoget i Den tyske krig i 1866, kjempa preussiske og austerriske troppar mot kvarandre i “slaget ved Bad Kissingen”.

Rikskanslar Otto von Bismarck var ein dei meir prominente gjestane ved kurbadet, og han vitja byen fleire gonger. (Sjå Kissingen-diktatet). I dag har Kissingen difor eit Bismarck-museum.

Bad Kissingen er og kjend for sin årlege musikkfestival “Bad Kissinger Sommar”.

Bad Kissingen har eit areal på 69,42 km², og hadde 21 703 innbyggarar per 2. januar 2007.

[endre] Ekstern lenke

Personlege verktøy
Namnerom

Variantar
Handlingar
Navigering
Skriv ut / eksporter
Verktøy
På andre språk