Den austerriksk-prøyssiske krigen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Den austerriksk-prøyssiske krigen
Sjuvekerskrigen
Del av krigane under samlinga av Tyskland
Battle of Koniggratz by Georg Bleibtreu.jpg
Slaget ved Königgrätz, av Georg Bleibtreu. Olje på lerret, 1869.
Dato 1866
Stad Böhmen, Tyskland, Italia og Adriahavet
Resultat Prøyssisk-italiensk siger
Endringar i landområde Preussen annekterte Hannover, Schleswig-Holstein, Hessen-Kassel

Frankfurt, Nassau og delar av Hessen-Darmstadt;
Italia annekterte provinsen Venezia;
Preussen dannar Den nordtyske samveldet;
Det austerrikske riket vert Austerrike-Ungarn

Partar
Austerrike (1804-1867) Austerrike

Sachsen Sachsen
Bayern Bayern
Flagge Großherzogtum Baden (1871-1891).svg Baden
Flagge Königreich Württemberg.svg Württemberg
Flag of Hanover 1837-1866.svg Hannover
Flagge Großherzogtum Hessen ohne Wappen.svg Hessen
Flag of Hesse.svg Hessen-Kassel
Flagge Fürstentum Reuß ältere Linie.svg Reuss
Flagge Herzogtum Sachsen-Coburg-Gotha (1826-1911).svg Sachsen-Meiningen
Flagge Fürstentum Schaumburg-Lippe.svg Schaumburg
Flagge der Freien Stadt Frankfurt.png Frankfurt
Flag of Herzogtum Nassau.png Nassau

War Ensign of Prussia (1816).svg Preussen

Italia (1861-1946) Italia
Flagge Großherzogtümer Mecklenburg.svg Mecklenburg
Flagge des Herzogtums Oldenburg.png Oldenburg
Flagge Herzogtum Anhalt.svg Anhalt
Flagge Herzogtum Braunschweig.svg Brunswick
Flagge Herzogtum Sachsen-Coburg-Gotha (1826-1911).svg Sachsen-Altenburg
Flagge Herzogtum Sachsen-Coburg-Gotha (1911-1920).svg Sachsen-Coburg, Gotha
VlagLauenburg.png Sachsen-Lauenburg
Flagge Fürstentum Lippe.svg Lippe
Flagge Fürstentümer Schwarzburg.svg Schwarzburg
Flag of Germany.svg Waldeck
Flag of Bremen (middle arms).svg Bremen
Flag of Hamburg.svg Hamburg
Flag of the Free City of Lübeck.svg Lübeck

Styrkar
600 000 austerrikske og tyske allierte 500 000 prøyssiske og tyske allierte
300 000 italienarar
Tap
Austerrike: over 71 000[1] 37 000 døde eller skadde (tyske og italienske)

Den austerriksk-prøyssiske krigen, òg kalla den tyske krigen (Deutscher Krieg), den tyske broderkrigen eller samlingskrigen, vart utkjempa i 1866 mellom Det austerrikske keisarriket og Preussen om leiarskapet i Det tyske forbundet. Han enda med siger til Preussen og deira allierte over Austerrike. Preussen overtok dermed den leiarposisjonen hos dei tyske statane som Austerrike tidlegare hadde hatt, og grunnla Det nordtyske forbundet. Det danna utgangspunktet for «den vesletyske løysinga» som vart valt då Tyskland vart samla som nasjonalstat under den fransk-prøyssiske krigen, men utan dei tyske områda i Austerrike-Ungarn.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Årsakene til krigen låg i striden mellom Austerrike og Preussen om leiarskapet i Det tyske forbundet, og det utløysande forholdet vart striden om forvaltinga av Slesvig og Holsten etter den andre slesvigske krigen.

Utsikta til krig var dessutan i 1866 særs gunstig for Preussen, sidan Austerrike var i ein vanskeleg økonomisk situasjon og Frankrike erklærte nøytralitet i tilfelle ein tysk brødrekrig. Otto von Bismarck klarte å oppnå støtte frå det nye Kongedømet Italia, mot å love den austerrikske provinsen Veneto til Italia. Den 8. april 1866 slutta Preussen og Italia eit tre månaders åtaksforbund mot Austerrike.

I eit forsøk på å gravleggje stridane vendte Austerrike seg 1. juni til Forbundsdagen i Det nordtyske forbundet og forlangte ei samankalling av landdagen i Holsten. Holsten stod formelt under austerriksk herredøme, men Austerrike tolererte til Preussen sin irritasjon hertug Fredrik VIII av Slesvig-Holsten sitt styre

Preussen såg på denne framgangsmåten som eit brot på Gastein-konvensjonen, der Preussen og Austerrike i 1865 hadde inndelt Slesvig og Holsten i påverknadsområde og fastlagt sin politikk i området. 9. juni marsjerte prøyssiske troppar inn i Holsten, og som svar forlangte Austerrike at Det tyske forbundet skulle bruke militær makt mot Preussen. Forbundsdagen stemte for dette den 14. juni med ni mot seks stemmer. Preussen erklærte at dette var eit brot på forbundsforfattinga, og erklærte Det tyske forbundet for oppløyst. Den formelle sjølvoppløysinga fann stad 23. august i Augsburg.

Alliansar[endre | endre wikiteksten]

Blå syner Kongedømet Preussen, raudt syner Det austerrikske riket, grønt er nøytrale område og gult er omstridde område (Schleswig-Holstein)

På Preussen si side stod Kongedømet Italia, Hertugdømet Oldenburg, Hertugdømet Mecklenburg, Hertugdømmet Braunschweig og enkelte thüringske småstatar.

På Austerrike si side, eller formelt Det tyske forbundet si side, stod Kongedømet Sachsen, Kongedømet Bayern, Storhertugdømet Baden, Kongeriket Württemberg, Kongeriket Hannover, Storhertugdømet Hessen, Kurhessen, Hertugdømet Nassau og enkelte tyske småstatar.

Forløp[endre | endre wikiteksten]

Den 23. juni rykte den første prøyssiske armeen over Seidenburg og Zittau og Elbearméen over Waltersdorf og Schluckenau inn i Böhmen. 26. juni kom det til samanstøyt ved Hühnerwasser, Sichrow, Turnau og til slaget ved Podol mellom forskjellige einingar frå den prøyssiske 1. armé under prins Fredrik Karl av Preussen og Elbearméen under general Herwarth von Bittenfeld på den eine sida og den 1. austerrikske og det saksiske korpset på den andre. 27. juni kryssa den 2. preussiske armeen under kronprins Fredrik fleire pass i Riesengebirge, og det kom til slag ved Nachod og Trautenau. Det siste var det einaste under heile krigen der austerrikarane gjekk sigrande ut. 28. juni kom det til slag ved Skalitz, Soor og Münchengrätz, der Austerrike leid store tap.

29. juni fann slaget ved Gitschin mellom den 1. prøyssiske armeen og det saksiske korpset, og i aust kom det til kampar ved Königinhof og Scheinschädel. Etter desse samanstøyta mista begge arméane oversikta over den andre sine posisjonar, og først 2. juli vart det klart at Austerrike og Sachsen hadde sine troppar nordvest for Königgrätz.

Prøyssiske troppar frå Minden og Hamburg vart slått av armeen til Kongeriket Hannover den 27. juni 1866 under slaget ved Langensalza. Hannoveranarane vart derimot tvungen til å kapitulere 29. juni på grunn av dei store tapa, manglande forsyningar og få soldatar. Eit minnesmerke for denne sigeren står framleis i sentrum av Minden. Preussen sine allierte gjekk til åtak på Kassel og bystaten Frankfurt, medan den høyre flanken i den prøyssiske Elbearméen overraskande dukka opp ved portane til bayerske Nürnberg.

I sør hadde Austerrike i mellomtida den 24. juni 1866 slått den italienske armeen under general La Marmora under slaget ved Custozza, og den austerrikske Adriaflåten under Wilhelm von Tegetthoff sigra ved øya Lissa den 20. juli over den overlegne italienske flåten. At Austerrike måtte kjempe på to frontar og deira underlegne våpenteknologi samanlikna med prøyssarane var av hovudårsakene til deira endelege nederlag.

Det avgjerande slaget mot Austerrike vann dei samla preussiske arméane den 3. juli 1866 i slaget ved Königgrätz i Bøhmen under leiing av kong Vilhelm av Preussen personleg og generalstabssjef Helmuth von Moltke. Austerrike håpte på at deira øvstkommanderande, Ludwig von Benedek, som vart rekna som eit militært geni i Austerrike, skulle klare å slå prøyssarane, men Preussen var i dette slaget ikkje berre talmessig overlegen, med 250 000 soldatar mot austerrikarane sine 160 000, men hadde òg overlegne våpen. Under slaget fall det sju austerrikarar for kvar prøyssar. Benedek hadde først prøvd å avvise å verte øvstkommanderande for nordarméen, fordi han ikkje hadde noko erfaring frå Böhmen, og fordi nordarméen var i dårleg tilstand. Etter slaget ved Königgrätz vart han fråteken posisjonen og stilt for krigsrett, men prosessen vart innstilt etter keisarleg press, og Benedek fekk ordre om å aldri snakke om slaget.

Det siste slaget i den austerriksk-prøyssiske krigen fann stad under Mainfelttoget den 26. juni i Uettingen. I dette slaget sigra Preussen over Bayern. Under samanstøyta ved Blumenau på den siste dagen av krigen klarte derimot Austerrike å forhindre prøyssarane i å erobre Pressburg.

Tapstala fordelte seg slik:

  • Austerrike: 1313 offiserar, av dette 330 falne, samt 41 499 mann, av dette 5328 falne
  • Sachsen: 55 offiserar, av dette 15 falne, samt 1446 mann, av dette 120 falne
  • Preussen: 359 offiserar, av dette 99 falne, samt 8794 mann, av dette 1830 falne

Avslutning og etterverknad[endre | endre wikiteksten]

For å hindre fransk eller russisk innblanding, overbeviste Otto von Bismarck den prøyssiske kongen til ikkje å utnytte sigeren fullt ut, men til å slutte ein rask fred. Bismarck skreiv same år:

Vi måtte unngå å skade Austerrike for alvorleg. Vi måtte unngå å etterlate henne i ein tilstand av unødig bitterheit eller ønske om hemn. Vi burde heller ta vare på høvet av å bli vener igjen med vår motstandar, og i alle høve sjå på den austerrikske staten som ein del av det europeiske sjakkbrettet. Om Austerrike vart påført alvorleg skade, ville ho bli Frankrike og alle våre andre motstandarar sine allierte. Ho ville til og med ofre hennar anti-russiske interesser for å få hemn over Preussen. Austerrike sin konflikt og rivalisering med oss var ikkje meir å fordømme enn vår konflikt med henne. Vår oppgåve var å etablere eit grunnlag for tysk nasjonal eining under leiarskap av kongen av Preussen.

Fredssluttinga fann stad 26. juli då den såkalla «forfreden i Nikolsburg» vart inngått gjennom Napoleon III, og etter at Austerrike i hovudsak hadde gjeve etter for Preussen og i realiteten trekte seg ut av alltysk politikk. Forfreden vart seinare stadfesta gjennom freden i Praha (mellom Austerrike og Preussen) og freden i Wien (mellom Austerrike og Italia).

Italia vann Veneto, og Preussen annekterte alle fiendtlege statar nord for Main bortsett frå Sachsen og Hessen-Darmstadt. Dermed oppnådde Preussen endeleg eit samband mellom sine vestlege Rhinprovinsar og kjernelandet Brandenburg aust for Elben.

Det tyske forbund vart oppløyst, og Det nordtyske forbundet, dominert av Preussen, vart grunnlagt. Etter at Frankrike fremsette territorielle krav allierte dei sørtyske statane seg med Preussen i forsvarsforbund, som vart grunnlaget for at statane gjorde felles sak under den fransk-prøyssiske krigen i 18701871.

Otto von Bismarck oppnådde ein stor innanrikspolitisk siger då militærbudsjettet hans som følgje av bølgja av eurori vart godkjent av det prøyssiske parlamentet, landdagen.

Sambanda mellom Napoleon III og Preussen, som fram til då hadde vore gode, vart derimot svekka som følgje av sigeren til Preussen. Napoleon III hadde rekna med å verte belønna med landområde (den vestlege Rhinbredden) etter formidlinga si av fredsavtalen, men vart overraska av tempoet i krigen og kom for seint med krava sine. I Frankrike oppstod kravet om «hemn for Sadova». Objektivt var dette kravet heilt uberettiga, sidan Napoleon III hadde forhandla med begge partene med håp om å vinne mest mogeleg for seg sjølv. At han feilrekna var derimot hans eiga skuld.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Den austerriksk-prøyssiske krigen

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Geoffrey Wawro. The Austro-Prussian War. Austria's War with Prussia and Italy in 1866. Cambridge: Cambr. University Press 1996.
  • Theodor Fontane: Band 1 - Der deutsche Krieg von 1866, Der Feldzug in Böhmen und Mähren, Verlag Rockstuhl, Bad Langensalza, Reprint 1871/2003, ISBN 3-936030-65-0
  • Theodor Fontane: Band 2 - Der deutsche Krieg von 1866, Der Feldzug in West- und Mitteldeutschland, Verlag Rockstuhl, Bad Langensalza, Reprint 1871/2003, ISBN 3-936030-66-9
  • Heinrich Friedjung: Der Kampf um die Vorherrschaft in Deutschland – 1859 bis 1866. Cottasche Buchhandlung, Stuttgart & Berlin 1916 – 2 Bände
  • Gordon A. Craig: Königgrätz. DTV, München 1987 ISBN 3-423-10820-7
  • Gerd Fesser: 1866 Königgrätz - Sadowa. Brandenburgisches Verlagshaus, Berlin 1994 ISBN 3-89488-069-4
  • unbekannter Autor: Band 1 - Schlacht bei Langensalza 1866, Die Hannoveraner in Thüringen und die Schlacht bei Langensalza 1866, Verlag Rockstuhl, Bad Langensalza, Reprint 1866/2001, ISBN 3-934748-57-0
  • Augenzeugenberichte: Band 2 - Schlacht bei Langensalza 1866, Wir lustigen Hannoveraner!, Verlag Rockstuhl, Bad Langensalza, 2001, ISBN 3-934748-68-6
  • Augenzeugenberichte: Band 3 - Schlacht bei Langensalza 1866, Eine Kriegsgeschichte der dritten 4pfündigen Batterie, Verlag Rockstuhl, Bad Langensalza, 2001, ISBN 3-934748-71-6
  • ohne Autor: Band 4 - Schlacht bei Langensalza 1866, Offizieller Bericht über die Kriegsereignisse zwischen Hannover und Preußen im Juni 1866 und Relation der Schlacht am 27. Juni 1866, Verlag Rockstuhl, Bad Langensalza, Reprint 1866/2001, ISBN 3-934748-72-4
  • Carl Bleibtreu: Band 5 - Schlacht bei Langensalza 1866, Langensalza und der Mainfeldzug 1866, Verlag Rockstuhl, Bad Langensalza, Reprint 1866/2001, ISBN 3-934748-73-2
  • Augenzeugenberichte: Band 6 - Schlacht bei Langensalza 1866, Die Teilnahme des Besatzungs-Bataillons Aschersleben 2. Magdeburgischen Landwehr-Regiments Nr. 27 an dem achttägigen Feldzuge gegen das Hannöversche Armee-Korps im Juni 1866, Verlag Rockstuhl, Bad Langensalza, Reprint 1866/2001, ISBN 3-934748-74-0
  • Theodor Fontane: Band 7 - Schlacht bei Langensalza 1866, Der deutsche Krieg von 1866 - Auszug Langensalza, Verlag Rockstuhl, Bad Langensalza, 2001, ISBN 3-934748-75-9
  • Otto Kaemmel: Deutsche Geschichte - Zweiter Teil, Vom Westfälischen Frieden bis zum Ende des neunzehnten Jahrhunderts, Carl Damm, Dresden, 1905
  • Kahnert Band 8 - Schlacht bei Langensalza 1866, Die Kriegsereignisse des Jahres 1866 im Herzogtrum Gotha und die gothaischen Turner zur Zeit des Treffens von Langensalza, Verlag Rockstuhl, Bad Langensalza, 2002, ISBN 3-934748-76-7
  • Victor von Diebitzsch: Band 9 - Schlacht bei Langensalza 1866, Die Königlich-Hannoversche Armee auf ihrem letzten Waffengange im Juni 1866, Verlag Rockstuhl, Bad Langensalza, 2002, ISBN 3-934748-77-5
  • Friedrich Freudenthal: Band 10 - Schlacht bei Langensalza 1866, Erinnerungen eines hannoverschen Infanteristen von Lüneburg nach Langensalza 1866, Verlag Rockstuhl, Bad Langensalza, 2002, ISBN 3-934748-78-3
  • Augenzeugenberichte: Band 11 - Schlacht bei Langensalza 1866, Das Herzoglich Sachsen-Coburg-Gothaische Infanterieregiment 1866, Verlag Rockstuhl, Bad Langensalza, 2002, ISBN 3-936030-10-3
  • G.Wolfram: Band 12 - Schlacht bei Langensalza 1866, Die Hannoversche Armee und ihre Schicksale in und nach der Katastrophe 1866, Verlag Rockstuhl, Bad Langensalza, 2002, ISBN 3-936030-11-1
  • Friedrich Regensberg: Band 13 - Langensalza 1866, Verlag Rockstuhl, Bad Langensalza, 2002, ISBN 3-936030-12-X
  • Julius Hartmann: Band 14 - Schlacht bei Langensalza 1866, Meine Erlebnisse zu hannoverscher Zeit 1839 - 1866 , Verlag Rockstuhl, Bad Langensalza, Reprint 2005, ISBN 3-936030-13-8
  • Sigismund von Dobschütz: „Der König ist da, die österreichische Armee geschlagen! Kriegstagebuch des Paul von Collas und Briefe an seine Eltern aus dem Deutschen Krieg des Jahres 1866 gegen Österreich.", Ostdeutsche Familienkunde (OFK), Hefte 1-3/2005, Band XVII, Seite 177f., Verlag Degener & Co., Neustadt (Aisch) 2005, ISSN 0472-190X

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Austerriksk militær årbok 1867 [1].