Bandahavet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Kartplasseringa av Bandahavet i Indonesia

Bandahavet (indonesisk: Laut Banda) er eit havområde i Indonesia. Det vert avgrensa av Molukkane i nord og aust, Sulawesi i vest og av Timor i sør. Havet går over i Arafurahavet i aust, Timorhavet i sør, Floreshavet i vest og Molukkhavet og Seramhavet i nord. Bandahavet er eit randhav til Stillehavet.

Bandahavet strekker seg om lag 1 000 km frå aust til vest og 500 km frå nord til sør. Det dekker eit totalt areal på ca 740 000 km². På det djupaste er det ca 7 200 meter.