Arafurahavet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Arafurahavet markert med blått på eit kart over Søraust-Asia

Arafurahavet (indonesisk: Laut Arafura) er eit randhav til Stillehavet. Det ligg aust for Indonesia, sør for Ny-Guinea og nord for Australia. Mot vest grensar Arafurahavet til Timorhavet og Bandahavet, og mot aust dannar Torressundet passasje mot Korallhavet. Mot sør dannar Arafurahavet den breie Carpentariabukta mellom Arnhem Land og Kapp York-halvøya.

Arafurahavet er 1290 km langt og 560 km breitt. Havet er eit grunt sokkelhav med djupner på mellom 50 og 80 meter.