Floreshavet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Jartplasseirng av Floreshavet i Indonesia

Floreshavet (indonesisk: Laut Flores) er havområdet sør for den indonesiske øya Sulawesi og nord for Flores og Sumbawa. Mot vest går Floreshavet over i Javasjøen og Balihavet; mot aust i Bandahavet.

Floreshavet dekker eit areal på i kring 240 000 km². Det vert rekna som eit randhav til Stillehavet, og har mellom Flores og Sumbawa samband med Indiahavet.