Barotropi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Barotrop væskelagdeling med trykk og tettleik

Barotropi er eit meteorologisk uttrykk som blir brukt om ein barotrop atmosfære der tettleiken berre er avhengig av trykket, slik at flater med konstant trykk (isobarflater) er parallelle til flater med konstant tettleik (isopyknalflater). Isobarflatene vil vere dei same som dei isoterme flatene (flater med konstant temperatur), og dermed (frå termalvindlikninga) vil den geostrofiske vinden vere avhengig av høgda. Rørslene i ei roterande barotrop væske vil derfor vere sterkt hemma.

Meir generelt kan ein seie at ei barotrop væske er ei idealisert væske der trykket berre er ein funksjon av tettleiken. Eit døme kan vere ein isoterm eller isentropisk ideell gass. Ein bartrop straum er ei generalisering av den barotrope atmosfæren skildra over her. Det er ein straum der trykket berre er avhengig av tettleiken. Ein kan ha ein barotrop straum i ei ikkje-barotrop væske, men ei barotrop væske vil alltid ha ein barotrop straum.

Det motsette av barotropi er baroklinitet. For ei barotrop væske eller straum (slik som ein barotrop atmosfære), er den barokline vektoren alltid lik null.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]