Basento

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Basento
Utspring Appenninane
Munning Tarantobukta
Land i nedslagsfelt Italia
Lengd 149 km
Middelvassføring 12,2 m³/s
Nedslagsfelt 1 537 km²

Basento er ei elv sør i Italia med ei lengd på 149 km. Ho har sitt utspring i Appenninane, vest for Potenza i Basilicata og munnar ut i Tarantobukta i Det joniske havet ved Metaponto. Den største byen langs Basento er Potenza, hovudstaden i Basilicata.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]