Batyskaf
Ein batyskaf eller eit djupvasskip er ein ubåtliknande, sjølvgåande dypvassfarkost som består av ein kabin tilsvarande ein batysfære festa under ein tank fylt med væske som til dømes bensin.
Auguste Piccard, som fann opp den første batyskafen, konstruerte namnet batyskaf av dei greske orda βάθος (bathys), «djupn» og σκάφος (skaphos), «skip».
Den første batyskafen var «FNRS-2», bygd i Belgia av Piccard. Batteridrevne, elektriske motorar sørga for framdrifta.
Den andre batyskafen til Piccard var «Trieste», som vart kjøpt av den amerikanske marinen i 1957. I 1960 sette «Trieste» ein uslåelig verdsrekord ved å dykke ned til botnen av Challengerdjupet, det djupaste punktet i Marianargropa, som blir rekna for å vere det djupaste punktet i verdshava.
[endre] Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Batyskaf» frå Wikipedia på bokmål, den 6. september 2011.