Bazhong

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Bazhong (gul) i Sichuan

Bazhong (kinesisk: 巴中; pinyin: Bāzhōng) er eit byprefektur nordaust i provinsen Sichuan i Kina, med grense mot provinsen Shaanxi i nord. Byprefekturet har eit areal på 12 301 km², folketalet vart i 2007 berekna til 3,74 millionar.

Bazhong ligg ved sørsida av Dabafjella. Heile området er rikt på fjell, med toppar opp til 2 507 meter over havet. Lågaste punktet i prefekturet er på 208 moh.

Byprefekturet Bazhong omfattar eitt distrikt (区 ) og tre fylke (县 xiàn).

Kjelder[endre | endre wikiteksten]