Bené Efrájim

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Bené Efrájim (hebr. בְּנֵי אֶפְרַֽיִם [bə'nē ef'rajim] (‘born av Efraim’), en. skrivemåte: Bene Ephraim eller Bnei Ephraim), òg kalla telugujødar fordi dei snakkar telugu, er ei lita gruppe av jødar som bur hovudsakleg i Kottareddipalem, ein landsby utanfor Guntur i Andhra Pradesh i India, nærme elvedeltaet av elva Krishna.

Bené Efràjim-jødane sporar dei jødiske skikkane sine attende til tidlege tider og historia deira har eit tydeleg fellesdrag med den til bené Menashe-jødane i dei nordaustindiske statane Mizoram og Manipur: Baptistiske misjonærar kom åt dei først på 1800-talet og konverterte dei til kristendommen.

Sidan 1981 har kring 50 familiar kring Kottareddipalem og Ongole (hovudstaden i Prakasham-distriktet) lært jødedom og hebraisk språk og arbeidd for at andre jødiske grupper verda ikring skal godtaka dei som jødiske. På grunn av at hebraisk språk er så nyleg teke i bruk og på grunn av den sterke vekta på å bruke hebraisk som levande språk heller enn berre som liturgisk språk, har innflytnaden frå hebraisk på morsmålet telugu enno ikkje ført til noko kjennspakt «jødetelugu» som språk eller dialekt.

Opp gjennom åra har fleire grupper av rabbinarar vitja bené Efràjim-samfunnet, men dei har enno ikkje sett seg klare til å godkjenne dette samfunnet i same grad som dei nyleg har gjort det med bené Menashe-jødane.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]