Baptisme

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Baptisme er ei kristen trusretning som har utgått frå protestantismen.

Opphav[endre | endre wikiteksten]

Baptismen oppstod i kjølvatnet av reformasjonen i England på 1600-talet. Dei første baptistane var grupper som var opptekne av å gå mykje lenger enn dei andre protestantane når det galdt brotet med den katolske kyrkja. Baptismen er altså ein reaksjon på brotet med katolisismen, og han kjem sjølv fra protestantismen.

1600-talet var det fleire engelske religiøse grupper som vart påverka av læra til nederlandske anabaptistane eller atterdøyparar, medan dei sjølve ofte hadde en puritansk bakgrunn.

Særpreg[endre | endre wikiteksten]

Det som særpregar baptismen er vekta på personleg tru, vaksendåp og fridom. Baptistane meiner at den som trur på Gud og Jesus, sjølv av fri vilje lyt ha valt å tru på dei. Dei viser til at dei første kristne, apostlane, hadde valt å tru på Jesus av eigen vilje. Dei hadde vedkjent seg ei personleg tru, altså teke eit standpunkt sjølve. Av den grunn har baptistane forkasta barnedåpen og innført voksendåp. Dette er for at den som blir døypt sjølv skal kunna vera klår over sitt religiøse val.

Ut frå dette prinsippet om å bekjenne ei personleg tru, meiner baptistane at alle menneske skal ha full religionsfridom. Dei er ògså opptekne av tanke- og ytringsfridom. Eit anna viktig moment er at kvar baptistmeinigheit styrer seg sjølv, med eit demokratisk råd som øvste organ. Baptistane er aktive innanfor sosialt arbeid, arbeid for sosiale rettigheiteir og kampen for trusfridom. Eit eksempel er den kampen som Martin Luther King jr. førte for borgarrettar for afroamerikanarar i USA i 1950- og 1960-åra.

Utbreiing[endre | endre wikiteksten]

I dag finst det kring 100 millionar baptistar i verda; 5 100 av dei bur i Noreg. Dei fleste baptistane bur i USA, og det er særleg afroamerikanarar som høyrer til baptismen. Afroamerikanarane var opphavleg fattige, og baptismen er dermed ei trusretning som først og fremst har fattige og middelklassen i meinigheitene sine. Det er tradisjonelt stor vekt på deltaking frå både kvinner og menn. Kvinner fekk tidleg tillitsverv og er òg sosialt aktive innanfor baptismen. Baptismen er det største protestantiske samfunnet i USA, men i resten av verda er ikkje baptistsamfunna tilsvarande dominerande.

Mange av kyrkjene følgjer ei ordning der dei enkelte meinigheitene har stor grad av sjølvstyre, men mange av dei er òg organiserte i større unionar; ein av dei mest kjende — og den største — er Southern Baptist Convention i USA. Baptistane har sett sitt preg på kulturen fleire stader i Statane.

I Noreg er baptistane representerte ved Det norske baptistsamfunn og ved enkelte uavhengige meinigheiter.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]