Berg-og-dal-bane
Ein berg-og-dal-bane er ein populær attraksjon utvikla for moroparkar. Den fyrste berg-og-dal-banen blei patentert allereie i 1885 av LaMarcus Adna Thompson. Berg-og-dal-banen er eit spor lagt etter spesielle mønster i oppover og nedoverbakke for å gje passasjerane følelse av fart og spenning. Spora treng ikkje nødvendigvis å vere lagt i ei komplett sløyfe, sjølv om nokre entusiastar meiner at ein ekte berg-og-dal-bane skal vere det. Dei fleste berg-og-dal-banar har vogner for to, fire eller seks passasjerar i kvar, og nokon gonger er desse vognene kopla saman til tog.
Innhaldsliste |
Tryggleik [endre]
Berg-og-dal-banar er meint å følast «farlige», men statistisk sett er dei veldig trygge. Det amerikanske Consumer Product Safety Commission anslo at 134 moroparkgjester blei brakt til sjukehus i USA i 2001 som følgje av skader dei fekk seg på attraksjonar i fornøyelsesparkar. I gjennomsnitt omkommer to menneske per år. Ser ein dette i lys av at ca 319 millionar menneske besøkte moroparkar i 2001 (ifølgje ein undersøking bestilt av moroparkselskapet Six Flags) er sjansane små for å bli alvorleg skada. Undersøkinga konkluderte med at sjansen er ein til ein og ein halv milliard for å omkomme som følgje av ein tur i ein berg-og-dal-bane. Skadetala for barnevogner, tyggegummi, golf og hagemøblar er større enn for attraksjonane i moroparkar. Det er faktisk større risiko for å bli skada i trafikken på veg til ein fornøyelsespark enn i ein av attraksjonane i parken.[treng kjelde] Det er ikkje uvanleg at moroparkane betalar høgare forsikringspremie for karusellane enn for berg-og-dal-banane.
Berg-og-dal-banerekordar [endre]
Høgaste berg-og-dal-baner i stål [endre]
Dette er dei høgaste berg-og-dal-banane i stål med ei komplett sløyfe. Årstala i parentes indikerer når banen var den høyeste.
- Kingda Ka i Six Flags Great Adventure, New Jersey, USA, 139m / 456 fot (mai 2005 – nå)
- Top Thrill Dragster i Cedar Point, Ohio, USA, 128 m / 420 fot (mai 2003 – mai 2005)
- Steel Dragon 2000 i Nagashima SpaLand, Japan, 97 m / 318 fot (august 2000 – mai 2003).
- Millennium Force i Cedar Point, Ohio, USA, 94.5 m / 310 fot (mai 2000 – august 2000)
- Intimidator 305 i Kings Dominion, Virginia, USA, 93 m / 305 fot
- Thunder Dolphin i LaQua Korakuen Park, Japan, 80 m / 263 fot
- Fujiyama i Fuji-Q Highland, Japan, 79 m / 259 fot
Høgaste berg-og-dal-baner i tre [endre]
Dette er dei høgaste berg-og-dal-banene i tre med ei komplett sløyfe.
- Son of Beast i Paramount's Kings Island, Ohio, USA, 66 m / 218 fot med et 65 meters fall. Denne banen har vært stengt siden juni 2009.
- Colossos i Heide-Park, Tyskland, 60 m / 196 fot med et 48 meters fall
- T-Express i Everland, Sør-Korea, 56 m / 184 fot med et 46 meters fall
- El Toro i Six Flags Great Adventure, New Jersey, USA, 55 m / 181 fot med et 53 meters fall
- Rattler i Six Flags Fiesta Texas, USA, 54 m / 179 fot med et 38 meters fall
- The Voyage i Holiday World, Indiana, USA, 49 m / 163 fot med et 47 meters fall
Høgaste fall på ein berg-og-dal-bane av tre [endre]
- Son of Beast i Paramount's Kings Island, Ohio, USA, 65 m / 214 fot. Denne banen har vært stengt siden juni 2009.
- El Toro i Six Flags Great Adventure, New Jersey, USA, 53 m / 176 fot
- Colossos i Heide-Park, Tyskland, 48 m / 159 fot
- Mean Streak i Cedar Point, Ohio, USA, 47 m / 155 fot
- The Voyage i Holiday World, Indiana, USA, 47 m / 154 fot
- T-Express i Everland, Sør-Korea, 46 m / 150 fot
Snøggaste berg-og-dal-baner [endre]
Dette er dei snøggaste berg-og-dal-banene i verda. Parentesene oppgjer når dei var snøggast.
- Formula Rossa i Ferrari World Abu Dhabi, Abu Dhabi, Forente Arabiske Emirater, 240 km/t (nov 2010 – nå)
- Ring°racer i Ring°werk/Nürburgring, Tyskland, 217 km/t. Banen stod ferdig, og skulle offisielt vore opna 15. august 2009, men grunna tekniske problem er dette blitt utsett til 2012. Banen rakk dermed aldri å bli verdas raskaste berg-og-dal-bane sidan den raskare Formula Rossa opna i 2010.
- Kingda Ka i Six Flags Great Adventure, New Jersey, USA, 206 km/t (mai 2005 – nov 2010)
- Top Thrill Dragster i Cedar Point, Ohio, USA, 193 km/t (mai 2003 – mai 2005)
- Dodonpa at i Fuji-Q Highland, Japan, 172 km/t (desember 2001 – mai 2003)
- Superman The Escape i Six Flags Magic Mountain, California, USA, 161 km/t (mars 1997 – desember 2001)
- Tower of Terror i Dreamworld, Queensland, Australia, 161 km/t (januar 1997- desember 2001)
Lengste berg-og-dal-baner [endre]
- Steel Dragon 2000 i Nagashima Spaland, Japan, 2479 m / 8133 fot
- Ultimate i Lightwater Valley, England. 2268 m / 7442 fot
- Beast i Kings Island, Ohio, USA. 2243 m / 7359 fot
- Son of Beast i Kings Island, Ohio, USA. 2143 m / 7032 fot. Denne banen har vært stengt siden juni 2009.
- Fujiyama i Fuji-Q Highland, Japan. 2044 m / 6708 fot
- Millennium Force i Cedar Point, Ohio, USA. 2010 m / 6595 fot
Baner med flest loopar [endre]
Det er tilsammen rundt 500 banar som har minst én loop i verda. Tilsaman er det over 1400 looper på verdas berg-og-dal-baner.
- Colossus i Thorpe Park, England. 10 looper.
- 10 Inversion Roller Coaster i Chimelong Paradise, Kina. 10 looper.
- Avalancha i Xetulul, Guatemala. 8 looper.
- Dragon Khan i Port Aventura, Salou, Spania. 8 looper.
- Flight of the Phoenix i Harborland Theme Park, Kina. 8 looper.
- Monte Makaya i Terra Encantada, Rio De Janeiro, Brasil. 8 looper.
Høgaste vertikale loop [endre]
- Viper i Six Flags Magic Mountain, California, USA, 42 m / 140 fot
- Dominator i Geauga Lake & Wildwater Kingdom, Ohio, USA, 41 m / 135 fot
Antall berg-og-dal-baner i ein park [endre]
- Six Flags Magic Mountain, California, USA. 17 berg-og-dal-baner i drift.
- Cedar Point, Ohio, USA. 16 berg-og-dal-baner i drift.
- Canada's Wonderland, Ontario, Canada. 16 berg-og-dal-baner i drift.
- Kings Dominion, Virginia, USA. 14 berg-og-dal-baner i drift.
- Kings Island, Ohio, USA. 14 berg-og-dal-baner i drift.
- Six Flags Great America, California, USA. 13 berg-og-dal-baner i drift.
- Six Flags Great Adeventure, New Jersey, USA. 13 berg-og-dal-baner i drift.
- Carowinds, North Carolina, USA. 13 berg-og-dal-baner i drift.
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «Berg-og-dal-bane» frå Wikipedia på bokmål, den 23. juli 2012.
- Denne artikkelen bygger på «Roller coaster» frå Wikipedia på engelsk, den 23. juli 2012.