Moroparken Tusenfryd
Tusenfryd er ein moropark ved Vinterbro i Ås kommune, om lag 20 kilometer sør for Oslo, like ved E6 og E18.
Parken vart opna 11. juni i 1988 av dåverande administrerande direktør Åse Kleveland. I dag er Thomas Nygård direktør. Parken vert eigd av det spanske konsernet Parques Reunidos, som også eig Bø Sommarland.
Tusenfryd har i overkant av 400 000 vitjarar kvart år. Mellom Tusenfryd sine hovudattraksjoner kan ein nemne SuperSplash, ei berg-og-dal-bane som endar med eit plask i vatnet, ThunderCoaster, ein av Europas største berg-og-dal-baner som er laga i tre og SpeedMonster i stål som stod klar til sesongopninga i april 2006. SpeedMonster akselererer frå 0 til 90 km/t på 2,2 sekund. Speed Monster har kosta rundt 70 millionar kroner og er parken si største investering så langt.
|
|
|
|---|---|
|
Bø Sommarland | Hunderfossen Familiepark | Kongeparken | Kristiansand Dyrepark | Tusenfryd |