Bergen domkyrkje
| Bergen domkyrkje | ||
| Generelt | ||
| Vigd til: | St. Olav | |
| Innvigd: | 1150 | |
| Endringar: | Restaurert i 1880 | |
| Kyrkjegard: | Bevart kyrkjegard | |
| Arkitektur | ||
| Arkitekt: | Christie & Blix (1880) | |
| Teknikk: | Stein | |
| Materiale: | Mur | |
| Tårn: | Ved inngangen | |
| Skip: | Bevart hovudskip, nytt sideskip 1880 | |
| Kyrkjerommet | ||
| Diverse: | Glasmåleri | |
Bergen domkyrkje er ei langkyrkje frå rundt 1150 i Bergen i Hordaland. Kyrkja er bygd i stein og har sideskip og skrudhus. Ho har vore domkyrkje sidan 1537.
Kyrkja har 1000 plassar. Ho er 60,5 m lang og 20,5 m brei. Tårnet er 13 meter breitt medan koret er 13,5 meter breitt.
Innhaldsliste |
Historie [endre]
Domkyrkja er bygd på restane av to tidlegare kyrkjer. Den eldste delen, som ein finn i murpartiet under vindauga i nordveggen, er bygd rundt 1150. Denne soknekyrkja, vigd til Olav den heilage, er omtalt i Soga om Kong Sverre.[1]
Under regjeringstida til Håkon Håkonsson blei det bygd eit fransiskanarkloster litt sør for kyrkja, som blei ein del av dette. Kyrkja brann i 1248 og 1270. Ho kunne brukast på nytt i 1301 etter at Magnus Lagabøte hadde gjeve støtte til gjenreisinga av bygget. Magnus Lagabøte blei også gravlagd i kyrkja.
Kyrkja brann nok ein gong i 1463/64 og låg i ruinar då ho blei domkyrkje i 1537. Kristkyrkja på Holmen i Bergen, som blei riven i 1531, hadde tidlegare vore domkyrkje. Biskop Gjeble Pederson sørga for å få gjenreist tårnet og reparert skader på bygningen før han døydde i 1557. Dette tårnet var over midtskipet og blei erstatta av tårn i vestenden på 1640-talet, då kyrkja fekk si noverande form. Etter bybrannen i 1702 blei det og utført større restaureringsarbeid, og kyrkja blei ikkje teken i bruk igjen før 1743.
I 1880-83 utførte arkitektane Christie og Blix ei ny større ombygging. Sideskipet blei rive og bygd opp på nytt, med fire gotiske søyler. Ein ønska å gje kyrkja tilbake mellomalderstilen, og fjerna derfor rokokkointeriøret. Domkyrkja fekk også eit nytt alter i kleberstein.
Kyrkja har og eit minne frå Slaget på Bergens våg mellom engelske og hollandske skip i 1665, i form av ei kanonkule som sit fast i veggen.
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «Bergen domkirke» frå Wikipedia på bokmål, den 9. mars 2009.
Bakgrunnsstoff [endre]
- Galleri fra Kunsthistorie.com
- Kulturnett Hordaland
- Bergenskartet
- Kirker i Hordaland
Litteratur [endre]
- Lidén, Hans-Emil og Magerøy, Ellen Marie, Norges Kirker, Bergen Bind II, Oslo 1983, ISBN 82-05-14299-8 (bd.2)
- Knudsen, Jacob Frode, Bergen Domkirke 700 år, Bergen 2001