Bergenhus bydel
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Bergenhus er ein bydel i Bergen som omfattar dei sentrale delane av byen. Bergenhus grensar i nord til Åsane, i aust til Arna, i sør til Årstad og i sørvest til Laksevåg. Bydelen vart skipa ved samanslåinga av dei tidlegare bydelane Sentrum og Sandviken. Det var 38 544 innbyggjarar i bydelen Bergenhus i 2011.
Bergenhus omfattar m.a. strøka Sandviken, Ladegården, Skuteviken, Bryggen, Eidemarken, Skansen, Vågsbunnen, Marken, Nordnes, Verftet, Nøstet, Engen, Sydnes, Møhlenpris, Nygård og Kalfaret.
Kjelder [endre]
- Store Norske Leksikon om Bergenhus, henta inn 14. februar 2012.
- Bokmålswikipedie om Bergenhus, henta inn 14. februar 2012.
|
|
|
|---|---|
| Arna · Bergenhus · Fana · Fyllingsdalen · Laksevåg · Ytrebygda · Årstad · Åsane |