Berlin-Charlottenburg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Schloss Charlottenburg

Charlottenburg er ein bydel (Ortsteil) som i dag er del av bydelen (Bezirk) Charlottenburg-Wilmersdorf i Berlin.

Charlottenburg var opphavleg ein sjølvstendig by vest for Berlin, men gjekk i 1920 inn i Berlin. Charlottenburg feira i 2005 300-års jubileum.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Gedächtniskirche

I mellomalderen var her slaviske og tyske jordbruksbusetnader.

I 1695 fekk seinare dronning Sophie Charlotte eit område i gåve av mannen sin kurfyrsten og den seinare kong Fredrik I av Preussen kor ho fekk reist sommarslottet Lützenburg. I 1705 fekk busetjinga kring slottet namnet Charlottenburg og samstundes bystatus. Slottet skifta med det same namn til Schloss Charlottenburg. Fleire av dei prøyssiske kongane hadde Charlottenburg som sin hovudresidens, mellom anna Fredrik Wilhelm II. (Preussen) og son hans Friedrich Wilhelm III. (Preussen). Etter nederlaga til Preussen ved slaga ved Jena og Auerstedt i 1806, var Charlottenburg tatt av franskmennene og Napoleon residerte sjølv ei tid ved Schloss Charlottenburg.

Charlottenburg blei etterkvart ei attraktiv adresse som tiltrakk seg velståande berlinarar. Viktige industriselskap, som Siemens og Schering slo seg i 1870-åra ned i Charlottenburg, og i tiåra deretter følgde ein eksplosiv folkevekst. Charlottenburg utvikla seg til ein velregulert storby, med mellom anna det verdskjente kjøpesenteret KaDeWe.

I 1884 etablerte seg her ein teknisk høgskule som seinare blei til Technische Universität. I 1893 nådde Charlottenburg 100 000 innbyggarar, og fekk dermed formelt status som storby. I 1910 var innbyggartalet kome opp i 306.000. Ved den store bysamanslåinga i 1920, blei Charlottenburg ein del av Stor-Berlin.

Etter andre verdskrigen var særleg dei østlege delane av Charlottenburg hardt råka av krigshandlingane. Kaiser-Wilhelm-Gedächtniskirche låg i ruinar, og i staden for å bli restaurert blei kyrkjeruinen ståande som eit minne om krigen. Området kring Kurfürstendamm utvikla seg raskt til det nye sentrumet for Vest-Berlin, då det historiske sentrum av Berlin blei liggande i den austlege sektoren som låg under Sovjetunionen.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Berlin-Charlottenburg