Napoléon Bonaparte

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Napoleon Bonaparte)
Gå til: navigering, søk
For andre tydingar, sjå Napoleon (fleirtyding)
"Napoleon ved Sankt Bernhard", måleri av Jacques-Louis David (1800)

Napoléon Bonaparte (15. august 17695. mai 1821) var keisar av Frankrike under namnet Napoléon I frå 18. mai 1804 til 6. april 1814. Han erobra og regjerte over det meste av det vestlege og sentrale Europa. Han vert rekna som ein dei store feltherrane gjennom historia. Napoleonskrigane vart utkjempa frå 1800 til 1815.

Liv[endre | endre wikiteksten]

Napoleon vart fødd i Ajaccio på øya Korsika som son av Carlo Bonaparte og Laetitia Ramolino. I 1778 vart han sendt til militærskulen i Brienne i Frankrike der han vart utdanna til artillerist. Den franske revolusjonen i 1789 nye vegar fram for den ambisiøse unge Napoleon. Han steig raskt i dei militære gradene. I 1795 var han Frankrike sin yngste general. Året etter vart han utpeika som leiar av dei franske styrkane nord i Italia. I 1796–1797 sigra han over Austerrike i eit effektivt felttog, og avtala etter eige syn fred i Campo Formio. Frå 1798 til 1799 var Napoleon i Egypt. Han prøvde å gjera Egypt til ein del av det franske koloniveldet.

Då han kom attende til Frankrike i 1799 gjorde Napoleon statskupp, det såkalla Brumairekuppet. Han utnemnde seg sjølv til fyrstekonsul, i praksis militærdiktator. Etter eit felttog i 1800 kunne Austerrike på nytt tvingast til fred. Sjølv med Storbritannia vart det fred ei kort stund (freden i Amiens i 1802).

I 1804 lét Napoleon seg krona til keisar av Frankrike og det fyrste franske keisardømet vart etablert. I krigane sigra Storbritannia på havet, medan Napoleon vann sigrar på landjorda. I 1805 vann han over styrkar frå Russland og Austerrike i slaget ved Austerlitz. I 1806 sigra han over styrkar frå Preussen i slaget ved Jena-Auerstädt. I 1807 vart det fred med Russland etter slaget ved Friedland. Russland gjekk med i den såkalla 'kontinentalblokaden'. Målet var at Storbritannia skulle stengjast ute frå alle handel med kontinentet.

Napoleon på sitt kontor, måleri av Jacques-Louis David (1812)

Etter indre stridar i Spania der tronarvingen Ferdinand avsette far sin, kong Carlos IV, gjekk Napoleon i 1808 inn med styrkar i Spania og utropa sin eldre bror Joseph til konge av Spania. Storbritannia sette i land styrkar i Portugal. Dei britiske styrkane vart leia av Arthur Wellesley (seinare kjend som hertug av Wellington). Målsetnaden var å hjelpa den spanske geriljaen.

I og med at franske styrkar var bundne opp i Spania såg Austerrike rom for å slå attende. Dei gjekk til krig i 1809. Gjennom å flytta styrkane raskt lukkast det for Napoleon å slå austerrikarane ved Eckmühl og slå dei heilt i slaget ved Wagram.

Etter nederlaget i Russland i 1812, døydde store delar av dei franske styrkane under attendetoget om vinteren. Ein tysk frigjeringskrig fylgde der Napoleon tapte i slaget ved Leipzig.

Napoleon abdiserte den 11. april 1814, men leidde i 1815 Frankrike i hundre dagar. Etter nederlag i slaget ved Waterloo vart Napoleon send i eksil til den isolerte øya St. Helena sør i Atlanterhavet, der han seinare døydde.

Ekteskap og tilhøve til andre kvinner[endre | endre wikiteksten]

Pierre-Paul Prud'hon (1758-1823): Portrett av keisarinne Joséphine (1805)

Napoleon var gift to gonger. Frå 9. mars 1796 var han gift med Joséphine de Beauharnais, som han i 1804 krona til keisarinne. Dei fekk ingen born, og dette førde til skilsmisse i 1809.

Etterpå frå 11. mars 1810 (sjølve bryllupet ved stedfortredar) med erkehertuginne Marie Louise av Austerrike, som vart den andre keisarinna hans. Dei fekk eitt barn; Napoléon Francis Joseph Charles Bonaparte (20. mars 1811-22. juli 1832), konge av Roma. Han er òg kjend som Napoleon II av Frankrike, men han regjerte aldri i røynda.

Samband med andre kvinner førde til i det minste to uekte barn, som begge fekk sine eigne etterkommarar:

Truleg fekk Napoleon barn med fleire andre kvinner:

Hærførarar (marskalkar) for Napoleon[endre | endre wikiteksten]

Napoleons sine brør og systrer[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Napoléon Bonaparte