Berlinerformat

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Berlinerformat, eller «medium», er eit avisformat på normalt omkring 470 mm × 315 mm, altså noko høgare enn tabloidformatet, men berre litt breiare. Det blir brukt av ei rekkje europeiske aviser, m.a kvalitetsaviser som Le Monde (Frankrike), La Repubblica (Italia) og The Guardian (Storbritannia). Den franske finansavisa Least Échos skifta til dette formatet i september 2003, og dei største avisene i Slovenia (DELO) og Kroatia (Večernji list), utkjem òg i dette formatet. Den siste kvalitetsavisa som tok formatet i bruk er Le Soir, den viktigaste franskspråklege avisa i Belgia (frå 15. november 2005).

Namnet Berliner refererer til Berlin, og stod i byrjinga av det tjuande hundreåret i motsetnad til nordtysk og fransk format. Dei einaste tyske avisene som i dag brukar berlinerformatet er dei venstreorienterte avisene die tageszeitung (taz) og Junge Welt (sidan 2004). Dei fleste «seriøse» tyske aviser brukar storformatet kalla nordisch, på 570×400 mm

I Noreg var Klassekampen den siste avisa som var i berlinerformat. Dette vart endra i 1998.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]