Le Monde

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Hovudkontoret til Le Monde, i 80, Boulevard Auguste-Blanqui, Paris.

Le Monde er ei fransk dagsavis, stifta av Hubert Beuve-Méry i 1944. Avisa har eit opplag på 360 610 (2005). Le Monde er ikkje ei utprega nyheitsavis, men er kjend for å prenta lange og djuptgåande artiklar [1], og journalistane oppgjev ofte skriftlege kjelder for å dokumentera påstandar som vert framsette. Le Monde har mange framandspråklege medarbeidarar og avisa vert rekna for å vera «godt informert».

Opplag[endre | endre wikiteksten]

Opplaget til Le Monde ligg i overkant av 350000 [2] (vitja 31/12-2008)

Tittel 2004 2005 2006 2007
Le Monde 380 592 367 153 355 017 358 655

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Fletcher, J., Le Monde, Past, Present and Future: A Vehicle for the Transmission of the Cultural Values of the French Elite, Europa, Vol. 2, No. 2, 1998.]
  2. le Monde, Association pour la contrôl de la diffusion des média.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]