Bernhard Riemann

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Bernhard Riemann

FøddGeorg Friedrich Bernhard Riemann
17. september 1826
Jameln
Død20. juli 1866
Verbania
NasjonalitetKongedømet Hannover
Områdedifferensialgeometri
Yrkematematikar, fysikar, universitetslærar, professor
InstitusjonarUniversitetet i Göttingen
Alma materUniversitetet i Göttingen
Humboldt-Universität zu Berlin
Johanneum Lüneburg
DoktorgradsrettleiarCarl Friedrich Gauss
EktefelleElise Koch
MedlemRoyal Society
Det prøyssiske vitskapsakademiet
Det bayerske vitskapsakademiet
Göttingens vitenskapsakademi

Georg Friedrich Bernhard Riemann (17. november 182620. juli 1866) var ein tysk matematikar som leverte viktige bidrag til matematisk analyse og differensialgeometri. Nokre av oppdagingane hans bana vegen for den seinare utviklinga av generell relativitet. Riemann var ein av dei mest innflytnadsrike matematikarne på midten av 1800-talet, og sjølv om han publiserte lite opna han vegen til nye område av matematikken ved å kombinere analyse og geometri.

Han overtok etter P. G. L. Dirichlet som professor i Göttingen i 1859. Dokoravhandlinga til Riemann frå 1854, Über die Hypothesen, welche der Geometrie zu Grunde liegen er eit av dei revolusjonerande bidraga hans til geometrien. Det er her ein for første gong finn ideane som vert kalla riemannsk geometri, og som kom til å spele ei hovudrolle i relativitetsteorien til Albert Einstein.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]