Bernhard Severin Ingemann
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Bernhard Severin Ingemann måla av C.A. Jensen i 1844
Bernhard Severin Ingemann (28. mai 1789–24. februar 1862) var ein dansk salmediktar og forfattar av historiske romanar.
Ingemann vart fødd i i Torkilstrup. Han arbeidde ved Sorø Akademi, der han var lektor i dansk språk og litteratur. Mellom anna skreiv han: Morgensalmer til Brug for Eleverne i Sorøe Academies Skole (1822) og Morgensange for Børn (1837)
Dei mange salmane for born gjorde han særleg kjend, mellom anna Nu titte til hinanden, I Østen stiger solen op, Julen har bragt velsignet bud og Dejlig er jorden. Kritikaren Georg Brandes sa om songane til B. S. Ingemann: «Hans morgen- og aftensange er uforgængelige ..»
Ingemann døydde i Sorø og er gravlagd på kyrkjegarden ved Sorø klosterkyrkje.