Bharathi-basen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Koordinatar: 69°24′28″S 76°11′14″E
Bharati
stasjon
Land Flag of Antarctica.svg Antarktis
stad Princess Elizabeth Land
 - koordinatar 69°24′28″S 76°11′14″E
Grunnlagd 2012
Administrert under Antarktistraktaten
Bharathi-basen is located in Antarktis
Bharathi-basen (Antarktis)

Bharati (sanskrit: भारती) er ein stasjon i Antarktis driven av India. Det er den tredje forskingsstasjonen til India i Antarktis og er ein av to aktive stasjonar i dag, i tillegg til Maitri-stasjonen. Den førte forskingsstasjonen til India, Dakshin Gangotri, er i dag nytta som forsyningsbase. Stasjonen ligg i Larsemannfjella ved 69°S, 76°E. Stasjonen stod ferdig i 2012.[1][2] Forskinga til Bharati-stasjonen fokuserer på oseanografi og geologi. Det vil òg vere forsking på å forstå den geologiske historia til det indiske subkontinentet.

Rådata frå Bharati vert sendt via ein høgsnøggleikssatellit til NRSC (National Remote Sensing Centre) i Hyderabad for bilethandsaming.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. [1]
  2. [2]