Bill Haywood

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Bill Haywood

William Dudley Haywood , («Big Bill») (4. februar 186918. mai 1928) var ein radikal amerikansk sosialist og fagforeiningsleiar.

Bill Haywood vart fødd i Salt Lake City I Utah. Far hans døydde då han var 3 år gammal, og då Bill var 9 år gammal, fekk han arbeid i gruvene. I 1904 var Haywood med å grunnleggje Industrial Workers of the World, ein arbeidarorganisasjon han vart ein av dei fremste leiarane for, og han vart òg ein leiande medlem av Socialist Party of America.

I 1918 klaga dei amerikanske styremaktene Haywood for landssvik og spionasje. Han flydde då til Sovjetunionen. Her arbeidde han aktivt for den dei kommunistiske styresmaktene. Bill Haywood døydde i Moskva 1928.