Landssvik

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Landssvik er å svika landet sitt på ein eller annan måte, som ved å samarbeida med ein fiende i krigstid, eller driva spionasje. Landssvik blir sett på som eit særs alvorleg brotsverk, og har ofte hatt dødsstraff, gjerne ei særs pinefull ei.

I Noreg er nemninga mest brukt i samband med den andre verdskrigen, i Noreg frå 1940 til 1945. Ein kunne verta kalla landssvikar om ein på noko vis samarbeidde med dei tyske okkupantane eller med partiet Nasjonal Samling. Om ein tente pengar på samarbeidet kunne det kallast økonomisk landssvik. Det norske landssvikoppgjeret har vorte kritisert i ettertid.

Ein som samarbeidde med nasjonalsosialistane (nazistane) kunne verta kalla ein quisling, etter Vidkun Quisling. Dette uttrykket breidde seg over heile Vesten etter den andre verdskrigen som nemning på landssvikarar.

Nemninga landssvik har òg vorte mykje nytta i løpet av Den kalde krigen. Den mest kjende rettssaka om landssvik i Noreg under Den kalde krigen er Treholt-saka.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]