Bindalsfjorden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Koordinatar: 65°12′59.184″N 12°10′12.378″E

Flyfoto av Bindalsfjorden (øverste halvleik av bilete) sett frå aust. Øya Øksninga har ein skeiv L-form litt til høgre for midten av biletet. Arma Sørfjorden går til venstre, Tosen til høgre.
Foto: Erlend Bjørtvedt

Bindalsfjorden er ein fjord i Bindal og Sømna kommunar i Nordland. Fjorden strekkjer seg 17 km nordaust og så søraustover til øya Øksninga. Frå Øksninga deler fjorden seg i to og Tosen går nordaustover, medan Sørfjorden går sørvestover. Frå innløpet til Bindalsfjorden til botn av Tosen er det 57 km.

Fjorden har innløp mellom Holm i sør og Vennesund i nord og mellom desse to stadane går det eit ferjesamband langs Fylkesveg 17. Ved halvøya Gavlen halvvegs inn i fjorden går sidefjorden Ursfjorden nordover. Like aust for Gavlen ligg øya Hovøya og mellom desse ligg Hardangsfjorden. Søraust for Gavlen ligg Stavøya og Imøya og aust for desse ligg fjorden Skotnesfjorden.

Ved Øskinga går Reppsundet på nordsida av øya til innløpet til Tosen. På sørvestsida av Øksninga ligg Terråkfjorden, medan Øyfjorden ligg på søraustsida mellom innløpa til Tosen og Sørfjorden.

Fv6 går langs delar av vestsida av fjorden. Her ligg òg bygda Skjelsviksjøen.