Bisjkek

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Bisjkek by.

Koordinatar: 42°52′29″N 74°36′44″E

Bisjkek er hovudstaden i Kirgisistan og blei etablert i 1878. Han har rundt 700 000 innbyggarar.

kirgisisk er Bisjkek ein type mjølkespann som blir bruka til å gjære hoppemjølk. Frå 1926 til 1991 var byen kjent som Frunze, etter den bolsjevikske kommandøren Mikhail Frunze.

Bykjernen har breie gater og marmor-bygningar som er kombinert med bygningar og leilighetskompleks i sovjetisk stil.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Den breie hovudgata, Sovjetskaja, i Bisjkek sentrum.

Bisjkek har opphav ved ein festning i Kokhand-khanatet skipa i 1825. I 1864 blei festningen jamna med jorda, men busettinga blei gjenoppretta i 1877 av det russiske styret. I 1926 blei byen døypt om til Frunze etter Mikhail Frunze, ein lokal leiar som bidrog til å dempe motstanden mot den bolsjevikske regjeringa.

Etter brotet med Sovjetunionen blei Kirgisistan uavhengig i 1991 og byen blei på nytt døypt om til Bisjkek. I dag er det ein pulserande og relativt moderne by, og inneheld blant anna den amerikanske luftvernbasen Ganci. (Russland har eigen luftvernbase nær Kant.)

Stader å sjå[endre | endre wikiteksten]

  • Fjellet Tien Shan ligg i bakgrunnen av byen.
  • Fleire statuar av Vladimir Lenin står ennå, og den største er på den andre sida av parlamentsbygningen i ein lauvrik park. Ein sjeldan hestestatue av Lenin står i ein stor park ved jernbanestasjonen.