Marmor

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Marmor.

Marmor (gresk: marmaros, «skinnande stein») er ein metamorf bergart som hovudsakleg består av mineralet kalsitt (ein krystallinsk form for kalsiumkarbonat CaCO3), som betyr at steinen inneheld mykje kalsium, karbon og oksygen. Steinen er mykje brukt som materiale til skulpturar og bygningar, og har i tillegg ei mengd andre bruksområde. Det finst store førekomstar av marmor i Noreg.

Innanfor kunsthistorie og arkeologi brukar ein marmor som nemning også på andre steinartar nytta i skulptur og arkitektur, som sandstein og granitt.

Opphav[endre | endre wikiteksten]

Marmor vert danna når dei sedimentære bergartane kalkspat eller dolomitt smeltar og seinare blir forsteina igjen. Marmor er altså ein metamorf bergart. Utgangspunktet kan for eksempel vera avsetjingar på havbotnen av skjel og skaldyr som er forsteina til kalkstein. Temperaturen og trykket som trengst for å danna marmor øydelegg vanlegvis eventuelle fossil og sedimentær tekstur i den opphavlege steinen.

Rein, kvit marmor vert danna gjennom metamorfose frå svært rein kalkstein. Dei karakteristiske årene på mange farga marmorvariantar kjem vanlegvis av ureinskapar i minerala, frå leire, sand, slam eller jernoksid. Grøn farge kjem ofte av serpentin frå kalkstein med mykje magnesium eller dolomitt med silisiumureinskapar.

Marmortypar[endre | endre wikiteksten]

Marmorbrot på øya Náxos i Hellas.
Foto: Heiko Gorski

Nokre historisk viktige typar av marmor har namn etter staden der steinbrotet ligg:

Den berømte italienske marmoren frå Carrara er heilt kvit og har opphavleg vore kalkspat. Denne har vore brukt til marmorskulpturar sidan oldtida. Marmor har vore favorittmaterialet til greske og romerske bilethoggarar og arkitektar, og er blitt eit kulturelt symbol for tradisjon og raffinert smak. I folketradisjonen vert marmor assosiert med det astrologiske teikn tvillingane. Rein kvit marmor er også symbol på det reine, udøydelege og står for suksess i utdanning.

Eigenskap som materiale[endre | endre wikiteksten]

Marmor er eit mjukt materiale som har liten motstand mot syrer og salt. Ei polert marmoroverflate vert derfor fort ru om ho ikkje vert halden ved like. Polert marmor vil vera spesielt utsett for tæring i fuktig kystklima. Eit marmorgolv krev meir pleie enn eit golv av granitt. Finlandiahuset var eit døme som viste at ikkje all marmor egna seg til fasadekleding i nordisk klima.

Marmor i Noreg[endre | endre wikiteksten]

Marmorbrot i Fauske.
Foto: Siri Spjelkavik

Noko av den første bruk av marmor i Noreg finn vi i Nidarosdomen i mellomalderen. Seinare tok interessa seg opp på 1700-talet, deretter kom fleire små marmorbrot i gang, først i Sør-Noreg og seinare i Nordland. Delar av den kvite marmoren som finst i bygg og fasadar i Bergen kjem frå eit brot på Tjøtta, men dette og dei fleste andre brot i landet er no lagt ned.

Den største førekomsten som har vore utnytta ligg i Fauske kommune. I 2005 er Løvgavlenbrotet og Leivsetbrotet ved Fauske i drift, andre brot finst ved Porsgrunn og ved Naas på Nordmøre. Det meste av marmoren som vert teken ut i Noreg i dag vert knust til kalk, men noko fauskemarmor går til innanlandsk produksjon av golvfliser og fasadeplater. Elles vert fauskemarmoren eksportert i store blokker til store delar av verda.

Framleis vert marmor bruka i offentlege bygg i Noreg, til dømes til golvet på terminalbygget på Oslo lufthamn, Gardermoen som fekk marmor frå Fauske, og det nye operabygget i Oslo som har carraramarmor i delar av fasaden.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Marmor

Kjelder[endre | endre wikiteksten]