Elverum

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Elverum
Plassering
Elverum (Hedmark)
Elverum
Elverum
Elverum i Hedmark
Geografi


Folketal[1] 13 777 (2011)
Folketettleik 1 104,8 /km²
Areal[1] 12,47 km²
Koordinatar 60°52′54.9″N 11°33′44.3″EKoordinatar: 60°52′54.9″N 11°33′44.3″E
Annan informasjon


Postnummer 2406 Elverum
Innbyggjarnemning elverumsing,
elverumsokning
Hovudgata i Elverum
Elvarheim er rådhuset i Elverum

Elverum eller Leiret er ein by og administrasjonssenter i Elverum kommune i Hedmark med 13 777 innbyggjarar (2011). Tettstaden voks opp under skansen i Christiansfjeld, som vart bygd i 1680-åra. Frå 1750 vart den kjende Grundsetmartn halden her, og med utbygging av kommunikasjonane i nyare tid har staden styrka posisjonen som handels- og skulesentrum.

Elverum sentrum ligg på austsida av Glomma, men delar av tettstaden ligg også på vestsida (Vestad). Dei fleste sentrumsfunksjonane og det meste av busetnaden er på austsida av elva. Der ligg rådhuset og den kommunale administrasjonen, i tillegg til ein del offentlige kontor som har store delar av Østerdalen som verkeområde. På vestsida av elva ligg mellom anna jarnbanestasjonen, Skyte- og Vinterskolen for Infanteriet (Terningmoen) og ein del industri. Kommunestyret vedtok bystatus for Elverum i 1996.

Namnet Leiret kjem av 'Elverums leir', her i tydinga militær leirplass.

[endre] Sjå òg

[endre] Kjelder

[endre] Fotnotar

  1. 1,0 1,1 Statistisk sentralbyrå Folkemengd og areal, 1. januar 2011.

[endre] Bakgrunnsstoff

Personlege verktøy
Namnerom

Variantar
Handlingar
Navigering
Skriv ut / eksporter
Verktøy
På andre språk