Bjarkøy kommune

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Koordinatar: 69°00′00″N 16°34′00″E

Bjarkøy kommune på kart over Troms
Kommunehuset i Nergårdshamn på Bjarkøya.
Foto: TorbjørnS (2010)
Kommunevåpenet til Bjarkøy

Bjarkøy er ein tidlegare øykommune i Troms fylke. Området er frå 1. januar 2013 del av Harstad kommune.[1]

Bjarkøy var før samanslåinga med Harstad den minste kommunen i Troms, i både areal og folketal.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Kommunen heitte «Sand» fram til 1886, då namnet vart endra til «Bjarkø», og seinare «Bjarkøy».[2] I 1964 vart den delen av den gamle kommunen som låg på Senja og Lemmingvær overført til Tranøy kommune. Desse områda hadde litt over ein fjerdedel av innbyggjarane i kommunen, og det som var att av kommunen hadde då 1261 innbyggjarar.[3] Bjarkøy har sidan då vore den minste kommunen i Troms etter folketal. Folketalet har gått bratt nedover dei siste tiåra. I 2010 var folketalet 482, berre 38 % av det det var i 1964.[3]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Bjarkøy kommune

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.