Troms fylke

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Troms fylke
Våpen Kart
Adm.senter Tromsø
Areal 25 870 km²
Folkemengd 160 418 (1. januar 2013)
Folketettleik 6,4 /km²
Nettstad www.tromsfylke.no
Politikk
Fylkesordførar Terje Olsen, H (2007)
Fylkesmann Svein Ludvigsen
Fylkesrådsleiar Pia Svensgaard, Ap (2009)
Målform Nøytral
Folketalsutvikling 1951-2010[1]
Befolkningsutvikling Troms fylke.svg
Troms fylke på Commons

Troms (samisk Romsa) er ein norsk fylkeskommune (samisk: Romssa fylkkasuohkan). Han grensar til Finnmark fylke i nord, til Nordland fylke i sør og til Lapplands län i Finland og Norrbottens län i Sverige i aust.

Fylket har kystline mot Norskehavet, og er prega av både hav og fjell. Det har talrike øyar, som Senja, Kvaløy og Ringvassøy, og fjordar, med Lyngenfjorden som den lengst. I kystområdet har fiske alltid vore den viktigaste næringsvegen. I det fjellrike innlandet, derimot, har ein hovudsakleg livberga seg gjennom dyrehald.

Det norske forsvaret er ein viktig arbeidsgjevar i Troms. Den sjette divisjonen, fleire fly- og helikopterbasar og radarstasjonar ligg her.

Innhaldsliste

Politisk styring [endre]

Troms fylkeskommune har valt eit parlamentarisk styresett i motsetnad til formannskapsmodellen som er det vanlege i kommunar og fylkeskommunar. I denne modellen vel fylkestinget eit fylkesråd som er det utøvande organet. Tilhøvet mellom fylkesrådet og fylkestinget er då prinsippielt det same som mellom regjeringa og Stortinget. Fylkesrådet er avhengig av å ha tillit i fylkestinget for å kunne styre. Fylkesrådet i Troms består etter valet i 2007 av fire personar utgått frå partia AP og SV. I desember 2009 gjekk SV ut av fylkesrådet etter ein strid om skolenedleggingar. Etter desember består fylkesrådet av fem personar frå Ap, Høgre og Krf. Etter valet i 2011 blir fylkes styrt av ein koalisjon mellom Ap, H og Krf. Ap og Høgre har to fylkesrådar, og Krf har ein. [2]

Partifordeling ved val:

Parti: Representantar 2007: Representantar 2011[3]:
Arbeidarpartiet 12 12
Høgre 5 9
Framstegspartiet 8 6
Sosialistisk Venstreparti 3 2
Senterpartiet 4 3
Kristeleg Folkeparti 2 1
Venstre 1 2
Kystpartiet 1 1
Raudt 1 1

Fylkesvåpen [endre]

Fylkesvåpenet viser ein griff. Dette er eit fabeldyr som er halvt løve og halvt ørn. Som våpen symboliserer griffen motet til ørna og styrka til løva. Griffen var merket til Bjarkøyætta. Denne slekta var i seinmellomalderen ei av dei rikaste og mektigaste i Noreg. Baron Bjarne Erlingssøn som døydde i 1313 førte griffen som våpen. Godset hans omfatta sannsynlegvis store delar av det som i dag er Troms fylke.

Kommunar [endre]

Troms fylke.
Nr. Namn Folkemengd Flatevidd km² Distrikt
1902 Tromsø kommune Tromsø 000000000069009.000000000069 009 000000000002524.00000000002 524 Nord-Troms
1903 Harstad kommune Harstad 000000000024205.000000000024 205 000000000000446.0000000000446 Sør-Troms
1911 Kvæfjord kommune Kvæfjord 000000000003025.00000000003 025 000000000000513.0000000000513 Sør-Troms
1913 Skånland kommune Skånland 000000000002963.00000000002 963 000000000000495.0000000000495 Sør-Troms
1917 Ibestad kommune Ibestad 000000000001418.00000000001 418 000000000000241.0000000000241 Sør-Troms
1919 Gratangen kommune Gratangen 000000000001130.00000000001 130 000000000000313.0000000000313 Sør-Troms
1920 Lavangen kommune Lavangen 000000000001017.00000000001 017 000000000000302.0000000000302 Sør-Troms
1922 Bardu kommune Bardu 000000000003882.00000000003 882 000000000002704.00000000002 704 Midt-Troms
1923 Salangen kommune Salangen 000000000002213.00000000002 213 000000000000458.0000000000458 Sør-Troms
1924 Målselv kommune Målselv 000000000006603.00000000006 603 000000000003322.00000000003 322 Midt-Troms
1925 Sørreisa kommune Sørreisa 000000000003379.00000000003 379 000000000000363.0000000000363 Midt-Troms
1926 Dyrøy kommune Dyrøy 000000000001188.00000000001 188 000000000000289.0000000000289 Midt-Troms
1927 Tranøy kommune Tranøy 000000000001527.00000000001 527 000000000000524.0000000000524 Midt-Troms
1928 Torsken kommune Torsken 000000000000893.0000000000893 000000000000243.0000000000243 Midt-Troms
1929 Berg kommune Berg 000000000000888.0000000000888 000000000000294.0000000000294 Midt-Troms
1931 Lenvik kommune Lenvik 000000000011360.000000000011 360 000000000000893.0000000000893 Midt-Troms
1933 Balsfjord kommune Balsfjord 000000000005497.00000000005 497 000000000001496.00000000001 496 Nord-Troms
1936 Karlsøy kommune Karlsøy 000000000002353.00000000002 353 000000000001086.00000000001 086 Nord-Troms
1938 Lyngen kommune Lyngen 000000000003014.00000000003 014 000000000000813.0000000000813 Nord-Troms
1939 Storfjord kommune Storfjord 000000000001899.00000000001 899 000000000001543.00000000001 543 Nord-Troms
1940 Kåfjord kommune Kåfjord 000000000002192.00000000002 192 000000000000991.0000000000991 Nord-Troms
1941 Skjervøy kommune Skjervøy 000000000002873.00000000002 873 000000000000473.0000000000473 Nord-Troms
1942 Nordreisa kommune Nordreisa 000000000004806.00000000004 806 000000000003437.00000000003 437 Nord-Troms
1943 Kvænangen kommune Kvænangen 000000000001288.00000000001 288 000000000002108.00000000002 108 Nord-Troms
Totalt Troms Troms 000000000160418.0000000000160 418 000000000025870.000000000025 870 Troms


Klima [endre]

Klimaet i Troms er prega av den kompliserte topografien, som gjev stor skilnad mellom kyststrøk og indre strøk.

Om sommaren bles bakkevinden som regel frå nord-nordaust ved kysten, medan det i fjordar og dalføre bles inn mot dei varmare indre strøka. Om vinteren bles det ofte kald utfallsvind og ved kysten er retninga som regel frå søraust til sørvest. Kuling og storm er ikkje så hyppig som på utsette kyststrekningar i Nordland og Finnmark.

Februar er den kaldaste månaden av året med ein middeltemperatur på kring –2 °C, medan middeltemperaturen i indre dalstrøk varierer frå –6 til –9 °C. Dei lågaste minimumstemperaturane som er målt er frå -10 til –15 °C ved kysten og frå –30 til –40 °C i dalstrøka. Middeltemperaturen for juli er 11–12 °C ved kysten og kring 14 °C i indre dalstrøk. Når det i midnattssoltida strøymer varm luft frå søraust, kan det bli opp mot 30 grader ved kysten og over dette i indre strøk.

På grunn av topografien varierer nedbøren sterkt i fylket. Årsnedbøren er omkring 750 mm i ytre kyststrøk og 1000-1500 mm i ein maksimalsone langs kystfjella. Over dei skjerma dalstrøka fell det berre 300-600 mm. Nær kysten kan det somme år komme særs mykje snø i samband med ustabil havluft frå nordvest. Ytre strøk har ein del tåke på sommaren, men det er elles sjeldan tåke i lågareliggande strøk.

Bakgrunnsstoff [endre]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Troms fylke

Kjelder [endre]

Spire Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.