Bjarne Øen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Adolf Bjarne Øen (6. november 189820. september 1994) var ein norsk offiser. Øen var fungerande sjef for Hærens flyvåpen i 1940, og seinare i den andre verdskrigen var han mellom anna stabsjef for den 4. avdelinga i felleskommandoen (FO-4) og sjef for etterretning og hemmelege operasjonar i Noreg (Kompani Linge/SOE).

Då krigen var over, i 1946, og fram til 1952 var han generalløytnant og sjef for Luftforsvaret. Frå 1952 til 1954 var han sjef for militærmisjonen i London og norsk representant ved SHAPE i Paris. I 1954 var Øen direktør for Forsvarets høgskule, og frå 1957 til 1962 sjef for Forsvarsstaben før han vart forsvarssjef i 1963-1964.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]