Blå etternølar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Blå etternølarar kringsette med gule sirklar på dette Hubble-biletet (høgre) av kulehopen 47 Tucanae.

Blå etternølarar er stjerner i kulehopar eller opne stjernehopar som ser ut til å vera yngre enn resten av stjernene i hopen av di dei framleis ligg på hovudserien, medan fleirtalet i hopen har utvikla seg forbi denne.

Då blå etternølarar er yngre og meir massive enn dei andre stjernene i hopen, gjev det problem for opphavet deira. Det er tenkt at dei kan vera (I) resultatet av stjerner i binærpar som har gått i nære banar rundt ein annan og delt masse, og at dette har gjort at dei har blitt forynga, eller (II) dei kjem frå stjerner som har kollidert og smelta saman.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Denne artikkelen baserer seg på artikkelen «blue straggler» s. 58 i Phillip's Astronomy Encyclopedia utgjeven i 2002.