Kulehop

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Kulehopen Omega Centauri inneheld rundt ti millionar stjerner og har ein alder på rundt 12 milliardar år. Det er spekulert i om hopen inneheld eit middelstort svart hòl, og at han er restane etter ein dverggalakse.[1]

Kulehopar er kuleforma samlingar av stjerner. Dei kan innehalda millionvis av stjerner og òg ofte nokre av dei eldste stjernene i universet. Det var før trudd at alle stjernene i ein kulehop var av same alder, men seinare studier har vist at i alle fall kulehopen NGC 2808 har tre generasjonar av stjerner, og at òg kulehopen Omega Centauri har fleire generasjonar stjerner.[2] Desse kan likevel vera rester etter dverggalaksar som har blitt slukt av Mjølkevegen.[2]

I Mjølkevegen finst det over 200 kulehopar.[1]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «Astronomers Find Suspected Medium-Size Black Hole in Omega Centauri» - Hubble-pressemelding i samband med ei mogleg oppdaging av eit middelstort svart hòl i stjernehopen Omega Centauri.
  2. 2,0 2,1 «Hubble Finds Multiple Stellar 'Baby Booms' in a Globular Cluster» - Hubble-pressemelding i samband med oppdaginga av fleire generasjonar stjerner i kulehopen NGC 2808.