Bladfjør
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Bladfjører på ein lastebil.
Bladfjør er ei fjør som er sett saman av fleire blad av fjørstål. Bladfjører er robuste og etter måten enkle å produsera og dei var lenge så godt som einerådande på bilar.
[endre] Bruk
Moderne personbilar, varebilar og andre småbilar nyttar for det meste spiralfjører, men lastebilar og tilhengarar som vert nytta på ujamt underlag har framleis bladfjører. Den vanlegaste typen bladfjør på kjøretøy har ein ulineær karakteristikk og fyljer ikkje Hooke si lov. Den ulineære karakteristikken gjer at stivheita aukar når fjøra vert pressa saman. På kjøretøy er dette ein føremon på det viset at høgda på kjæretøyet ikkje varierer så mykje når lasta varierer.