Bil

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Ein raud bil: Alfa Romeo 1300GT frå 1972.
Lastebil fylt til trengsel av sikh-pilgrimar.
Foto: John Hill

Ein bil er eit køyretøy med minst tre hjul utstyrt med eigen motor og vert nytta til å køyre på veg med, og ikkje skjener. Bilar er hovudsakleg laga av metall. Ordet bil kjem frå den eldre forma automobil, frå gresk auto og latin mobil som tyder sjølvgåande. Før ordet automobil kom i bruk vart landevegslokomotiv nytta.

Det finst ulike bilar for ulike føremål og utforminga varierer etter bruken. Kvar bil blir køyrt av ein sjåfør og har nesten alltid plass til ein eller fleire passasjerar. Personbilar er i dag den biltypen det finst flest av, men varebilar, lastebilar og bussar er like viktige i det moderne samfunnet. Andre typar er racerbilen, som hovudsakleg er utvikla med høgast mogleg fart som mål.

Dei fleste bilane køyrer på bensin eller diesel, men etter kvart har det vorte vanleg med bilar som vert drivne av elektrisk energi eller gass, eller ein kombinasjon av desse enegikjeldene.

I Noreg var dei tre største bilmerka i 2003 Toyota, Volkswagen og Peugeot [1].

Historie[endre | endre wikiteksten]

Dampfart[endre | endre wikiteksten]

Ein Cugnot-modell frå 1771.

Den moderne bilen byggjer på eksperiment med sjølvgåande fargreier frå 1700-talet og utover. Den belgiske presten R. P. Verbiest skal rundt 1680 ha laga ei ca. 65 cm lang dampdriva vogn, medan han var i Kina [2]. Dette tykkjest ha vore eit leiketøy, laga for å imponera keisaren. Franskmannen Nicolas-Joseph Cugnot demonstrera ein dampdriven lastebil i 1769. I 1802 konstruerte Richard Trevithick ei dampdriva vogn. I tidsbolken 1824 - 1836 arbeidde Walter Hancock med å utvikla dampdrive vogner og i 1831 opna han ei bussrute mellom Stratford og London. Dette kan ha vore den fyrste kommersielle bruken av eit motorkøyretøy. I 1832 gjennomførte han ein tur til Brigthon [3]. Men rundt 1840 vart slike doningar stogga av det britiske lovverket, som forlanga at framfor eit sjølvgåande køyretøy på ein offentleg veg måtte det gå ein mann med eit raudt flagg og eit horn [treng kjelde]. Utviklinga flytta frå Storbritannia til Tyskland.

Frå damp til bensin[endre | endre wikiteksten]

Bilen som Lenoir bygde i 1863.
Modell av Benz-bilen frå 1886.

Den fyste bilen med intern forbrenningsmotor vart truleg konstruert av François Isaac de Rivaz i 1807. Motoren nytta hydrogen som drivstoff, men han vakte ikkje nokon interesse i samtida. I 1860 konstruerte Lenoir ein motor som nytta lampegass som drivstoff og monterte han i ei vogn. I 1863 konstruerte Lenoir ein forgassar og prøvekøyrde ein bil som gjekk på flytande drivstoff. I 1886 laga fleire uavhengige oppfinnarar kvar sin bil på om lag same tid: Carl Benz i Mannheim, Gottlieb Daimler og Wilhelm Maybach i Stuttgart , og Siegfried Marcus i Wien [4]. Bensin, damp og til ein viss grad elektrisk energi blei utvikla i konkurranse i fleire tiår [5], før bilar som gjekk på bensin vann fram i 1910-åra.

Ei rask utvikling skjedde frå 1900 til midt på 20-talet, då fleire hundre små verksemder konkurrerte om å laga stadig betre bilar. Viktige oppfinningar var sjølvstartar og firehjulsbremser. Ved byrjinga av 1930-åra hadde det meste av bilteknologien oppfunnen. Etter denne tida var bilindustrien ute av barndommen, talet på verksemder gjekk ned, og dei som var att voks.

Bilar for folket[endre | endre wikiteksten]

Oldsmobile tok til med å laga rimelege bilar på samleband i 1902, og idéen blei vidareutvikla av Henry Ford i 1910-åra. Etter kvart blei dei fleste bilar masseproduserte, og medan berre dei øvre laga av folket hadde hatt råd til dei tidlegare, kunne no òg middelklassen skaffa seg motorkøyretøy.

Bilmodellar[endre | endre wikiteksten]

Alfred P. Sloan fekk idéen om at éi verksemd kunne laga bilar av ulike modellar, slik at folk kunne kjøpa det dei hadde råd til, og gå «oppover» dersom dei fekk betre råd. Ulike prisklassar hadde ofte mange like delar, slik at den totale kostnaden blei mindre. Til dømes brukte Cadillac sin LaSalle delar produserte av Oldsmobile i 1930-åra, medan Chevrolet og Pontiac hadde same dører, panser, tak og vindauge i 1950-åra.

Det var òg Sloan som starta med ein årleg, etter kvart treårig, gjennomgang av modellane der både teknologien og utsjånaden gradvis blei omforma. Dei tre store bilfabrikantane i USA gjennomførte alle ein slik treårssyklus, men la etter kvart hovudvekt på utsjånaden slik at bilar heller gjekk av mote enn å bli erstatta av modellar som var betre teknisk. Europeiske verksemder hadde ikkje råd til slik stadig utskifting, men stod derimot betre rusta teknisk framfor oljekrisa på 1970-talet.

Regulering og tryggleik[endre | endre wikiteksten]

Sidan den britiske loven om fotgjengaren med det raude varselflagget er bilkøyring blitt regulert på ulike måtar av styresmaktene. Desse reglane har hovudsakleg som føremål å gjera bilkøyring tryggare, men har i nyare tid òg gått ut på å gjera det meir miljøvennleg.

Den farlege bilen[endre | endre wikiteksten]

Frontkollisjon med tre.

Bilulukker har gått hand i hand med utviklinga av bilen. Den første bilmakaren, Joseph Cugnot, hadde òg det første kræsjet, då han køyrde inn i ein vegg med «Fardier»-maskinen sin i 1770. Den første dødelege bilulukka skjedde den 17. august 1896Bridget Driscoll døydde i London [6].

I følgje Verdsorganisasjonen for helse blir kvart år over ein million menneske drepne og rundt 50 millionar skada [7], mange av dei lamma, ved at dei køyrer på noko eller sjølv blir påkøyrd. I tillegg blir eit utal dyr såra eller drepne av bilar.

Problemet med bilar er at dei er tunge, kraftfulle køyretøy som blir kontrollerte av feilande menneske. Bilføraren kan vera trøytt, rusa på alkohol eller narkotiske stoff, vørdlaus eller berre uheldig. Farten til bilen gjer at det er vanskeleg å vakta seg mot uventa dyr eller menneske i vegen eller dårlege køyreforhald, som dårleg vêr eller hol i vegdekket.

Tryggleik[endre | endre wikiteksten]

Det finst mange måtar å auka tryggleiken på. Ein prøver å forbetra bilførarane ved å setja visse krav til dei. Til dømes må dei som regel ha eit førarkort som viser at dei kan køyra bil og følgja trafikkreglane. Dei må vera i stand til å følgja med i trafikken og ikkje vera rusa eller trøytte når dei køyrer.

Sjølve bilen må òg ofte gjennom ulike prøvar for å vera sikker på at han er forsvarleg å køyra. Nye bilar går gjennom standardtestar, og etter kvart har ein òg byrja å ta inn eldre bilar til regelmessige kontrollar. Ein finn stadig nye forbetringar som gjer bilar tryggare, slik som bilbelte og luftputer som bles seg opp dersom bilen bråbremsar.

Ein prøver òg å trygga vegane ved å halda dei i god stand, ved å setja opp autovern og varselsystem i vegkanten, og ved å skilja harde bilar og mjuke trafikantar på utsette stader.

Miljø[endre | endre wikiteksten]

Smog over New York.

Forbrenningsmotorar i bilane og friksjonen mellom hjul og underlag påverkar miljøet ved at det sender eksos, støv og tungmetall ut i lufta som folk pustar inn. Mykje bilbruk i eit avgrensa område gjev luftureining som kan føra til allergiske reaksjonar og lungelidingar som astma. Ureining og smog frå bilar er eit stort problem i fleire storbyar, som Mexico, Los Angeles, New Delhi og Aten.

Den første staden som regulerte eksosutslepp gjennom lovverket var California i 1965. Transportdepartement i USA (DOT) og miljøvernorganet (EPA) følgje opp med fleire reglar tre år etter. Ettersom USA var den største bilmarknaden i verda, og California den største i USA, fekk dei nye reglane følgjer for bilindustrien over heile verda, og andre land kom snart med eigne reglar. I tillegg til å setja grenser for utslepp blei òg tryggleiksutstyr, som bilbelte, påbode. I tiåret 1975-85 sleit mange bilfabrikantar med å møta dei nye krava, men etter kvart oppdaga dei at trygge og meir miljøvenlege bilar auka salet, og tok til å forbetra dei på eiga hand.

Alternative drivstoff[endre | endre wikiteksten]

Bilar kan køyrast på mange typar drivstoff, noko som har vore brukt gjennom historia. Før bensin var blitt vidspreidd og tilgjengeleg på bensinstasjonar brukte ein òg andre typar brensle, som lampegass og parafin. Aukande prisar og avgifter på bensin og diesel har ført til at ein igjen har byrja å sjå etter alternativ.

Alkohol[endre | endre wikiteksten]

Ein brukte etanol som drivstoff allereie i 1890-åra, og etter at bensin og diesel hadde teke over bilmarknaden fortsette mange bønder å laga og bruka eige alkoholdrivstoff fram til Forbodstida sette ein stoppar for det. I 1940-åra, fram til like etter den andre verdskrigen, brukte ein alkohol som drivstoff i racerbilar. I land med varmare klima, til dømes Brasil, har ein sidan 70-åra laga bilar som køyrer på etanol, framstilt frå sukkerrøyr.

I nokre land bruker ein etanol og metanol som tilleggsdrivstoff, til dømes i Australia og USA. Dagens bensinbilar kan køyra med 15 % etanol blanda i bensinen, og med små ombyggingar vil dei kunne køyra på opptil 85 % alkohol [treng kjelde]. Dette drivstoffet er noko mindre effektivt enn rein bensin, slik at ein kan koma til å trenga større drivstoffvolum for same køyrelengd. I tillegg er det mogleg at blandinga slit ned pakningane fortare[treng kjelde].

Biodiesel[endre | endre wikiteksten]

Dieselmotorar kan med få eller ingen endringar gå over til å nytta reint biodiesel, eit drivstoff laga av vegetabilske oljer. Problemet med dette er at det krevst store areal for å dyrka vekstane som drivstoffet vert utvunne frå, noko som kan gå ut over jordbruk og føra til knappheit på mat. Eit alternativ er å framstilla drivstoff frå hogstavfall.

Naturgass[endre | endre wikiteksten]

I fleire land med god tilgang på naturgass har det sidan 70-åtalet vorte nytta flytande metan og propan i tillegg til diesel og bensin [treng kjelde]. Eksosen frå forgassarmotorar er noko reinare når det vert nytta gass, men effekten kan vert noko redusert, ettersom energitettleiken er mindre i desse gassane[treng kjelde]. Distribusjon av gass krev at køyretøya er utstyrte med trykktankar, noko som krev strengare kontroll for å sikra tryggleiken.

Elektrisk energi[endre | endre wikiteksten]

Toyota Prius er ein hybridbil som bruker elektrisk energi i tillegg til bensin.

Fleire føretak har utvikla bilar som går på elektriske energi lagra på batteri. Desse er i handelen, men har fleire ulemper som gjer at det ikkje er blitt selt så mange av dei. Dei fleste elbilane har lågare fart og rekkevidd enne bilar med forbrenningsmotorar, i tillegg til at dei kan vera dyrare i innkjøp. Det er òg utvikla hybrid-bilar som kombinerer batteridrive elmotorar og forbrenningsmotorar. Forbrenningsmotoren vert nytta til å driva ein elektrisk generator som ladar batteriet og bilen vert driven av elmotorar. Dette gjer at forbrenningsmotoren kan køyrast på eit konstant turtal som fører til auka verkningsgrad og difor reduserte eksosutslepp, støy og kostnadar. Ein kan òg i stor grad unngå å nytta forbrenningsmotoren i tettbygde strok.

Andre kjelder[endre | endre wikiteksten]

Solcellebilen Nuna 3. (Foto: Hans-Peter van Velthoven)

Andre moglege energikjelder er hydrogen og metan (omset til elektrisk energi ved hjelp av brenselsceller), solceller eller trykkluft.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Bilindustri, Store Norske Leksikon.
  2. 1679-1681. Chariot à vapeur du R. P. Verbiest
  3. The First London to Brighton Run (vitja 30/4-2011).
  4. Goldbeck, G., Siegfried Marcus - Ein Erfinderleben, VDI-Verlag, 1961.
  5. Hiscox, G.D., Horseless vehicules automobiles, motor cycles operated by steam, hydro-carbon, electric and pneumatic motors, Sampson Low, Marston & Co., 1900.
  6. The location of the World's first ever death by car, The shady old lady's guide to London.
  7. Faces behind the figures - Voices of road traffic crash victims and their families, World Healt Organisation.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Bil