Tilhengar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Tilhengar er ei vogn som vert slepa etter eit køyretøy slik at dei saman utgjer eit vogntog. Det finst mange ulike typar, tilpassa bruksområdet og dei kan difor variera mykje. Dei kjem i utførelsar frå små sykkeltilhengarar til store semitrailerar for lastebilar.

Lastebiltilhengar[endre | endre wikiteksten]

Hengartilkopling på lastebil.
Scania trekkvogn med påhengsvogn.
Scania trekkvogn med semitrailer.

Dei ulike hovudtypane av tilhengarar som vert nytta som lastebiltilhengarar er påhengsvogn, semitrailer og slepvogn. Større tilhengarar har ofte mange akslar og/eller boggiar, for å auka lastevna. Kva type som vert nytta avheng både av typen last og av lokale lovar. Lastebiltilhengarar er vanlegvis utstyrt med trykkluftbremsar og frå 1. november 2006 er det i Noreg kravd at slike tilhengarar skal vera utstyr med ABS-bremsar[1] [2].

Påhengsvogn[endre | endre wikiteksten]

Hovudartikkel: Påhengsvogn

Påhengsvogn kan ha ein aksel, ein boggi, eller trippleboggi, som ber størsteparten av vekta, men noko av vekta kviler på trekkvogna.

Semitrailer[endre | endre wikiteksten]

Hovudartikkel: Semitrailer

Semitrailer er ein tilhengar der framenden kviler på trekkvogna og er kopla til denne med ei svingskive. Semitrailerar kan ta lang last og kar ofte litt større nyttelast enn trekkvogn med påhengsvogn eller slepvogn. Dei sporar ikkje like godt som trekkvogn med slepvogn, så dei treng litt meir plass i kryss og rundkøyringar, men er enklare å rygga med.

Slepvogn[endre | endre wikiteksten]

Hovudartikkel: Slepvogn

Slepvogner har to eller fleire akslingar, mange har boggi både framme og bak og nokre har trippelboggi bak. Slepvogn har den føremonen at hengaren kan koplast av, slik at trekkvogna kan nyttast utan hengar der det er dårleg plass, eller når ein ikkje har bruk for hengaren.

Spesialhengar[endre | endre wikiteksten]

Spesialhengar (plattformhengar) for tung last.

Det finst mange ulike typar spesialhengarar. Tilhengarar som vert nytta for å transportera tunge anleggsmaskinar, stridsvogner, transformatorar og liknande. Desse er utstyrte med mange akslar for å spreia vekta over eit stort areal. Nokre av desse er svært lågbyde - til dømes «brønnhengar» (ein type semitrailer). Mange spesialhengar for tung last er breiare og lengre enn førskriftene tillet, så det er naudsynt med dispensasjon. I moderate tilfelle kan ein nytte ein «generell dispensasjon» som det ikkje er naudsynt å søkje spesielt om. Elles må ein søkje om dispensasjon før transporten skal ta til og det kan verte kravd politieskorte. Nokre gongar vert vengen stengt for vanleg trafikk under transporten.

Døme på bruksområde som nyttar spesialhengarar:

  • Personbiltransport i to høgder (påhengsvogn eller iblant semitrailer).
  • Transport av ståande betongelement (semitrailer).

Traktortilhengar[endre | endre wikiteksten]

Hovudartikkel: Traktortilhengar
Einaksla traktortilhengar.
Firehjuls traktortilhengar.

Det finst både påhengsvogner og slepvogner til traktor. Større utgåver er ofte utstyrte med boggi, både for å redusera marktrykket og for å auka lasteevna. Boggien fører òg til rolegare gange på ujamnt underlag.

Nokre tilhengarar har hydraulisk tipp. Det finst mange spesialtilpassa tilhengarar for traktor, som sjølvlastarvogner, skogstilhengarar, gjødselspreiarar, ugrasprøyter, osb.

Påhengsvogn[endre | endre wikiteksten]

I Noreg er toaksla påhengsvogn den vanlegaste tilhengartypen for traktor. På grunn av at mykje av vekta kviler på trekkroken får traktoren godt feste, noko som ofte kjem godt med i bratt lende og på vinterføre. Store hengarar har som oftast boggi.

Slepvogn[endre | endre wikiteksten]

I flatt landskap er Firehjuls firehjuls hengarar (slepvogn) utbreidde. Desse hengarane overfører ikkje noko av vekta til traktoren, så han vert ofte utstyrt med hjulvekter eller væskefylte dekk for å auka trekkevne. På grunn av det korte draget kan fireaksla hengarar lett få «saks» ved bremsing på glatt føre. I mange land er det difor påbod om at dei skal ha bremsar og det er vanleg at dei har trykkluftbremsar av same type som på lastebilar.

Personbiltilhengarar[endre | endre wikiteksten]

Hovudartikkel: Personbiltilhengarar
Biltilhengar.
Tilkopling av biltilhengar.

Tilhengarar for personbil er vanlegvis einaksla, men nokre har boggi. Slike tilhengarar vert nytta til tranport av gjenstandar som er for store til at dei får plass i bagasjerommet, eller inne i bilen. Mange bensinstasjonar leiger ut tilhengarar for kortare eller lengre periodar.

Det finst mange spesialtilpassa tilhengarar for bil, som campingvogner, hesthengarar, båttilhengarar osv. Campingvogner er som oftast breiare en personbilen som trekkjer ho, så det er naudsynt å montera ekstra speglar som stikk langt nok ut til at sjåføren kan sjå att over på sida av campingvogna.

Sykkeltilhengar[endre | endre wikiteksten]

Sykkeltilhengar.

Sykkeltilhengarar vert nytta til transport av varer, men mange nyttar dei òg til transport av born.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Kolberg, E., ABS-krav på tilhenger, Netavisen, 7/3-2006.
  2. Lysenstøen, E., Stavik, A.J. og Lysenstøen Jr., E., Veien til førerkortet: buss, lastebil, vogntog, Autoriserte trafikkskolers landsforbund, 12. utg., 2010.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]