Blagovesjtsjensk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Blagovesjtsjensk
Благовещенск
Byvåpenet til Blagovesjtsjensk
Byvåpenet til Blagovesjtsjensk


Plassering
Blagovesjtsjensk is located in Russland
Styresmakter
Land Flag of Russia.svg Russland
Føderasjonssubjekt Amur oblast
Grunnlagd
Bystatus
1856
1858
Borgarmeister Alexander Migulja
Geografi
Flatevidd
 - By

321 km²
Innbyggjarar
 - Totalt (2007)
   - folketettleik

209 100
  651,4 /km²
Koordinatar 50°17′0″N 127°32′0″EKoordinatar: 50°17′0″N 127°32′0″E
Høgd over havet 130 moh
Tidssone
- Ved sommartid
YAKT (UTC+9)
YAKST (UTC+10)
Diverse annan informasjon
Postnummer 675000–675029
Retningsnummer (tlf) (+7)4162
Nettstad: www.admblag.ru

Blagovesjtsjensk (russisk Благове́щенск) er ein by i Russland og det administrative senteret i Amur oblast, 7985 km aust for Moskva. I 2007 hadde han om lag 210 000 innbyggjarar.

Byen ligg 110 km frå den transsibirske jernbanen, på venstrebreidda av elva Amur, som har danna grense mellom Russland og Kina sidan Aigun-traktaten i 1858 og Peking-traktaten i 1860. Området nord for Amur har tidlegare vore ein del av Kina.

Ved byen ligg Ignatjevo lufthamn.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Dei første innbyggjarane i området var russarar som oppretta ein busetnad her i 1644. Seinare, i 1856, vart byen grunnlagd som ein militær utpost kalla Ust-Zeja. Blagovesjtsjensk fekk det noverande namnet to år seinare etter soknekyrkja Maria Bodskapsdag(Blagovesjtsjenije på russisk). Byen blømde under gullfeberen tidleg på 1900-talet og på grunn av plasseringa ved den kinesiske grensa, berre nokre hundre meter frå byen Heihe.

Under boksaropprøret bombarderte kinesiske opprørarar byen i juli 1900. I følgje ei ortodoks segn vart byen redda av eit mirakuløst ikon av Vår frue av Albazin, som vart tilbedd kontinuerleg under bombinga som varte nesten to veker. På denne tida valde politiet, støtta av kosakkar, å drive ut heile det kinesiske samfunnet frå den russiske breidda av Amur over til den kinesiske sida. Sivile vart tvunge ut i elva med våpenmakt og mange drukna.

Under kulturrevolusjonen var byen utsett for propaganda frå maoistane ved hjelp av høgtalarar på andre sida av elva, 24 timar i døgnet. I dag dannar Blagovesjtsjensk og Heihe ein frihandelssone. Byen har ein av dei største kinesiske samfunna i Russland.

I byen ligg Blagovesjtsjensk statlege pedagogiske universitet og Amur statlege universitet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Blagovesjtsjensk