Amur

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Amur
Khabarovskbrua over Amur
Khabarovskbrua over Amur
Utspring Fjella nordaust i Kina
Munning Stillehavet gjennom Tartarsundet
Land i nedslagsfelt Kina, Russland, Mongolia
Lengd 4444 km
Nedslagsfelt 1 855 000 km²
Amur - Nedslagsfeltet til Amur
Nedslagsfeltet til Amur

Amur (russisk Амур) eller Heilong Jiang (kinesisk 黑龙江) er den niande lengste elva på jorda og dannar delar av grensa mellom Russland og Kina.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Historisk har elva òg vore grense mellom dei to geopolitiske einingane Ytre Mandsjuria (Russisk Mandsjuria) og Indre Mandsjuria. Den kinesiske provinsen Heilongjiang på sørsida av elva er kalla opp etter ho, og det same er det russiske Amur oblast på nordsida. Namnet Svartelva vart nytta av mandsjuar og Qing-dynastiet som begge rekna elva som heilag.

Amur er eit viktig symbol på, og ein viktig geopolitisk faktor i, kinesisk-russiske forhold. Amur var særleg viktig då Kina og Sovjetunionen vart politisk delt i 1960-åra.

Dei første åra på 1900-talet segla dampskip opp Amur. Muddermaskinar frå Amerika vart importert for å vaske gull i elva. Elvetrafikken vart råka av den russiske revolusjonen.

Økonomien i området som Amur renn gjennom er basert på produksjon, metallurgi, gruvedrift etter jern og andre metall, gull og kol, vasskraft, kveite, hirse, soyabønner, fiske, tømmer og handel mellom Kina og Russland. Oljefeltet Daqing, det fjerde største i verda, ligg ved byen Daqing i Heilongjiang, eit par hundre kilometer frå elva.

Elveleiet[endre | endre wikiteksten]

Elva renn 4444 km gjennom nordaustlege område av Asia frå fjella nordaust i Kina til Okhotskhavet (nær Nikolajevsk-na-Amure). Nedslagsfeltet hennar er særs variert og inneheld landskap som ørken, steppe, tundra og taiga. Gjennom Tartarsundet renn vatnet frå elva ut i Stillehavet. Munningen til elva ligg like innanfor nordenden av øya Sakhalin.

Amur har alltid vore nært knytt til Sakhalin og dei fleste namna for øya, sjølv i språka til dei innfødde folkegruppene i området, kjem frå namnet på elva. Sakhalin kjem frå ordet sahaliyan i ein dialekt av tungusisk og tyder «svart», medan ainu-nament Karaputo og det japanske namnet Karafuto kjem frå ainunamnet på Amur eller munningen hennar.

Middelvassføringa til elva varierer frå 6000 m³/s (1980) - 12 000 m³/s (1957) og er i snitt 9819 m³/s eller 310 km³ per år. Den største målte vassføringa vart målt i oktober 1951 då elva førte 30 700 m³/s vatn. Det minste som er målt er berre 514 m³/s frå mars 1941.[1]

Sideelvar[endre | endre wikiteksten]

Sjølve Amur er 2874 km lang etter at dei to kjeldeelvane hennar har rend saman:

Av store sideelvar finn ein:

Amur grensar til Heilongjiang i Kina i sør og til Amur oblast, Den jødiske autonome oblasten og Khabarovsk kraj i Russland i nord. Det siste strekkjet av Amur renn gjennom Khabarovsk kraj. Elva renn gjennom følgjande byar:

Transport[endre | endre wikiteksten]

Isdrift på Amur.

Valeryj Solomonvitsj Gurevitsj, nestleiar i Den jødiske autonome oblasten har opplyst at Kina og Russland har starta bygginga av Amurbrua i slutten av 2007. Brua vil gå mellom Nizjneleninskoje i Den jødiske autonome oblasten og Tongjiang i Heilongjiang. Den 2197 meter lange brua er rekna å stå ferdig i 2010.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Amur at Komsomolsk. UNESCO. Vitja 7. oktober 2008.
  2. China-Russland Trade to Top US$40b (18. juni 2008). Vitja 7. oktober 2008.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]