Heihe

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Heihe (gul) i Heilongjiang

Heihe er eit byprefektur nordvest i provinsen Heilongjiang i Kina. Byprefekturet har eit areal på 54 390 km² og 1 673 898 innbyggjarar i 2010.

Byen Heihe ligg ved grensa til Russland, på sørbreidda av elva Amur (på kinesisk: Heilongjiang) og tvers overfor den russiske grensebyen Blagovesjtsjensk. Heihe og Blagovesjtsjensk utgjer ei frihandelssone og er eit av dei viktigaste sentra for den sino-russiske handelen. I vest grensar Heihe mot den autonome regionen Indre Mongolia.

Byprefekturet Heihe omfattar eitt distrikt (区 ), to byfylke (市 shì) og tre fylke (县 xiàn).

Samferdsle[endre | endre wikiteksten]

Kinas riksveg 202 tek til i Heihe i provinsen Heilongjiang og passerer gjennom Harbin og Shenyang før han endar i Dalian ved Gulehavet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]