Bleikvatnet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Bleikvatnet
Bleikvatnet - Bleikvatnet med Grønfjellet til venstre, Kongsfjellet til høgre og Sørtuva rett fram
Bleikvatnet med Grønfjellet til venstre, Kongsfjellet til høgre og Sørtuva rett fram
Stad Hemnes kommune (Nordland)
Koordinatar 65°56′46″N 13°57′40″EKoordinatar: 65°56′46″N 13°57′40″E
Overflateareal 12,59 km²
Kystlengd1 35,31 km
Høgd over havet 405 moh.
1 Kystlengd er eit unøyaktig mål som kanskje ikkje er standardisert for denne artikkelen.

Bleikvatnet er ein innsjø som ligg i Hemnes kommune i Nordland. Bleikvasslia er kalla opp etter Bleikvatnet. Rett nord for Bleikvatnet ligg Okstindan, i sør Kongsfjellet. Bleikvatnet er regulert og fungerer som magasin for Øvre Røssåga kraftstasjon. Vatnet frå Bleikvatnet vert tappa over i Røssvatnet gjennom ein tunnel. Rundt vatnet ligg gardsbruka Rabliåsen, Smalsundmoen (nedl.), Lenningsvika (nedl.), Finneset (nedl.) og Oksfjellelva (nedl.). Dei eldste gardane vart tekne opp på 1700-talet, men dei fleste gardane vart fråflytte på 60-talet som følgje av vasskraftutbygginga.

Spire Denne geografiartikkelen som har med Nordland å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.