Bliksfjorden
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Bliksfjorden er ein liten fjord i Lillesand kommune. Han er ein del av Blindleia og ligg aust for Indre og Ytre Tronderøya og strekk seg om lag 1,5 km vestover mot innløpet til Isefjærfjorden. Fjorden ligg nord for Sandøya og Steinsøya, der den gamle kjøpstaden og uthamna Gamle Hellesund ligg.