Blindleia

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Frå Blindleia

Blindleia er den indre leia langs kysten av i Lillesand kommune i Aust-Agder.

Opphavet til namnet er ikkje kjend. Blindleia strekkjer seg om lag 2 mil innaskjers, godt verna mot havet av øyar, holmar og skjer.

Det er ikkje objektivt definert kor Blindleia sluttar og startar, men dei fleste kjelder gjev at ho går frå området rundt innseglinga til Lillesand (Skallefjorden) i aust til Ulvøysund i vest. Den austlegaste av dei større øyane langs Blindleia er Skauerøya som ligg rett utanfor Lillesand. Mesteparten av øya er i dag friareal etter at den einaste garden på øya vart overteke av kommunen og staten i fellesskap i 1965. Utanom huset på garden, som i dag vert nytta som leirstad, er berre tre av dei gamle buplassane på øya bevart.

Seglar ein vestover frå Skauerøya kjem ein til Asperøya der det ligg eit herskapshus. Vidare vestover ligg Justøya, den største øya i området. Justøya har brusamband til fastlandet med bru over Sundet og har ein del innbyggjarar.

Sentralt langs Blindleia ligg Åkerøya der det er godt bevart kulturlandskap. Åkerøya er den einaste øya i Lillesand kommune utan brusamband der det framleis er buplikt. Det er kring 30 fastbuande på øya.

I den vestre delen av Blindleia ligg Ramsøya og Ibe, to vakre øyar langt ut mot havet der ein finn ei rekkje godt bevarte sørlandshus.

Langs Blindleia ligg dei gamle uthamnene Humlesund (rett utanfor Lillesand), Brekkestø (vest på Justøya), Stranda på Åkerøya, Gamle Hellesund og lengst vest Ulvøysund. Uthamnene var tidlagare båtbaserte handelssentra som òg tente som overvintringshamner for seglskip i internasjonal fart.

I dag vert dei aller fleste gamle buplassane langs Blindleia nytta som feriestader. Dei fleste eigarane har lagt stor vekt på å halde dei gamle plassane sitt opphavlege preg.

Røynevardsfjorden og Bliksfjorden er delar av Blindleia.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]