Blitzkrieg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Blitzkrieg (tysk for lynkrig) var ein militær doktrine som blei utvikla i mellomkrigstida i Tyskland. Den blei brukt av dei tyske væpna styrkane under andre verdskrig.

Blitzkrieg gjekk ut på å la pansra styrkar virke tett saman, støtta av luftvåpenet. Fokuset blei lagt på raske manøvrer og mobilitet, samt ein desentralisert kommandostruktur.