Mellomkrigstida

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Europa mellom 1929-1938

Mellomkrigstida er i den vestlege verda ei nemning på perioden mellom slutten av første verdskrigen i 1918 og byrjinga av andre verdskrigen i 1939, meir spesifikt mellom den 11. november 1918 og 1. september 1939.

Perioden var markert av uro i store delar av verda, og Europa strevde med etterverknadene av den første verdskrigen.

I Nordamerika var den første delen av mellomkrigstida prega av stor økonomisk framgang, men dette endra seg drastisk med den store depresjonen og verdskrisa, etter krakket på Wall Street (børsen i New York i 1929.

Mellomkrigstida var i mange land kjenneteikna av svært sterke sosiale og politiske motsetningar, og både kommunismen og fascismen oppstod og fekk stor oppslutning mange plassar.

Men siste del av mellomkrigstida er òg prega av ein kriseløysingspolitikk på demokratisk grunn, til dømes både i Skandinavia, med mellom anna den norske Nygaardsvoldsregjeringa, og i USA med Roosevelt sin administrasjon.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

I hovudsak bokmålswikipediaen.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]