Blogg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Ein weblog (frå engelsk web (vev) og log (logg), i kortform ein blog eller blogg, på norsk óg vevlogg (vlogg)) er eit omgrep om ei internettside der éin eller fleire forfattarar ytrar synspunkt og fortel om det som skjer i verda. Ofte kan òg lesarar av bloggen skrive svar og reaksjonar til det som står, og poste dei direkte til eit innlegg. Innlegga blir ofte datert i omvendt kronologisk rekkefølgje.

Det finst webloggar som er reine dagbøker, medan andre er meir retta mot eit samfunnstema. Webloggar gjer også ofte ivrig bruk av peikarar til andre nettstader og ikkje minst andre webloggar.

Mange webloggar tek opp teknologiske spørsmål, men det finst óg strikkebloggar, forfattarbloggar, matbloggar, jussbloggar og politiske blogger. I etterkant av 11. september 2001 voks warblogs fram som ein egen bloggsjanger i USA. Webloggar var også sentrale under det amerikanske presidentvalet i 2004 og 2008. Kritikk mot desse var at forfattaren ofte var anonym. I mange land har bloggar fått ei viktig rolle i samfunnsdebatten, med asløringar, politiske meiningar og som ein måte å organisere til politisk verksemd.