Bobsleigh

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Broom icon.svg Denne artikkelen kan ha godt av ei opprydding for å nå ein høgare standard og/eller for å verta i tråd med standardoppsettet. Sjå korleis du redigerer ei side og stilmanualen for hjelp.
Den amerikanske toarboben under Vinter-OL 2006 i Torino

Ein bobsleigh er ein stålkjelke med to par meiar, som blir køyrd av to eller fire personar. Køyring med bobsleigh oppstod i Albany i New York i 1880-åra, og blei seinare introdusert i Sveits. Dei første konkurransane vart haldne på underlag av snø. Moderne bobbaner bør vere minst 1500 meter lange og ha minst 15 kurver, og det er ikkje uvanleg med fart på opptil 130 km/t. Det finst tolv baner som blir brukt til konkurranse på toppnivå:

  • Igls, Austerrike. 1220 m, 98 m høgdeforskjell, 14 prosent maksimal helling
  • Calgary, Canada. 1475 m, 121 m høgdeforskjell, 15 % maksimal helling
  • Cesana, Italia. 1435 m, 117 m høgdeforskjell, 9,2 % gjennomsnittleg fall
  • La Plagne, Frankrike. 1507 m, 124,5 m høgdeforskjell, 14,5 % maksimal helling
  • Altenberg, Tyskland. 1413 m, 122 m høgdeforskjell, 15 % maksimal helling
  • Königssee, Tyskland. 1250 m, 117 m høgdeforskjell
  • Winterberg, Tyskland. 1325 m, 110 m høgdeforskjell, 14,5 % maksimal helling
  • Cortina d'Ampezzo, Italia. 1350 m, 120,5 m høgdeforskjell, 16 % maksimal helling
  • Nagano, Japan. 1762 m, 112,5 m høgdeforskjell, 15 % maksimal helling (berre japansk)
  • Lillehammer, Noreg. 1365 m, 114 m høgdeforskjell, 15 % maksimal helling
  • St. Moritz, Sveits. 1722 m, 129 m høgdeforskjell, 15 % maksimal helling
  • Lake Placid, USA. 1455 m, 107 m høgdeforskjell
  • Salt Lake City, USA. 1340 m, 103,9 m høgdeforskjell

Opphavleg var kjelkane bemanna med fem til seks personar, men dette blei endra til toar- og firarbob i 1930-åra. Den maksimale lengda på kjelkane er høvesvis 3,8 og 2,7 meter for firar- og toarbob. Maksimalvekta, inkludert mannskapet, er 630 kg og 390 kg — ein kan bruke metallvekter for å kompensere for manglande vekt. Før vektgrensa blei innført i 1952, var deltakarane på bobsleighlaga vanlegvis svært tunge.

Bobsleigh har vore ei olympisk grein sidan første vinter-OL i 1924. Kvinnene fekk delta i bogsleigh for første gongen i Vinter OL i Salt Lake City i 2002.

[endre] Bakgrunnsstoff

Personlege verktøy
Namnerom

Variantar
Handlingar
Navigering
Skriv ut / eksporter
Verktøy
På andre språk