Boden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Broom icon.png Denne artikkelen kan ha godt av ein språkvask, som reinskar opp målføringa og/eller innfører same språkstilen overalt.

Koordinatar: 65°49′26.965″N 21°41′18.186″E

Boden sitt byvåpen

Boden er ein by i Norrbottens län i landskapet Norrbotten i Sverige. Han er administrasjonssenter for Bodens kommun, og i 2005 hadde byen 18 680 innbyggjarar.

Boden fekk bystatus i 1919.

Historie [endre]

Opphavleg var Boden ei kyrkjebygd ("kyrkby") i Överluleå sogn. Første skriftleg omtale av Boden er Bodebyn frå 1539, derav namnet. I 1543 hadde bygda sju gardar. Frå tidlegare var det samer som var busatt her.

Överluleå kyrkje blei bygd frå 1827, og derved blei sentrum flytta til Bodträsk frå Heden. Nedanfor kyrkja danna det seg ei lita kyrkjebygd. Formålet var at folkesetnaden skulle ha nokre stader å bo når dei skulle overvære gudstenesta.

På 1860-talet byrja ein å legge til rette for frakt av jernmalm langs Luleälven. For å unngå fossane i elva byrja ein å grave ein kanal sør for elva mellom Heden og noverande Boden Kraftstasjon. Prosjektet, som blei kalla Engelske kanalen, blei avbroten, men den halvferdige kanalen kan ein enno i dag sjå restane av enkelte stader i terrenget.

Sidan slutten av 1800-talet har byen vore det viktigaste knutepunktet for jernbanen i dei nordlegaste delane i landet. Jernmalm frå gruvene i Kiruna og Malmberget vert transportert gjennom Boden, anten til stålverka i Luleå eller vidare sørover i landet. Òg Haparandabanen går ut frå Boden. Stambanen gjennom øvre Norrland knyt byen med dei sørlege landsdelane. Banen blei bygd 1883-1894, og elektrifisert 1939-42. Han har fleire svingar og større helling enn det som er lov for moderne jernbaner. Gjennomsnittssnøggleiken er 85 km/t, trass i fleire utbetreingar.

sørlege Boden sett frå Rödbergsfortet

Kjelder [endre]