Kiruna

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Koordinatar: 67°51′18.371″N 20°13′37.931″E

Byvåpen
Kiruna
Kupoltorget i Kiruna
Kvartalet Ortdrivaren

Kiruna (finsk: Kiiruna, nordsamisk: Giron) er ein svensk by i Norrbottens län i landskapet Lappland. Den er administrasjonssenter for Kiruna kommun, og i 2005 hadde byen 18 154 innbyggjarar.

Kiruna vart grunnlagt i 1900, og Hjalmar Lundbohm vert rekna som grunnleggjaren av byen. Han var disponent ved gruveselskapet LKAB, som byrja utvinning av jernmalm i Kiirunavaara på slutten av 1890-talet. Kiruna fekk bystatus i 1948, og vart dermed den største byen i verda ut frå areal, på over 20 000 km². Han er derimot ikkje den største kommunen i verda ut frå areal.

I samband med kommunereformen i 1971 vart Kiruna administrasjonssenter i Kiruna kommune.

Kiruna fekk sitt noverande namn 27. april 1900. Tidlegare heitte byen Luossavare, etter fjellet Loussavaara, men dette namnet føltest etter kvart noko tungvint å skrive og uttale.

Kiruna er eit utprega gruvesamfunn som ligg mellom dei to fjella Loussavaara og Kiirunavaara, begge med store jernmalmførekomstar, og på sørhellinga av det tredje fjellet Haukivaara, som omsluttar byen. Staden byrja å vekse fram i samband med at utvinninga av malm for alvor byrja i 1898. Sjølve bybusetnaden ligg delvis over malmførekomstane. Eit av bustadområda frå den tidlege historia til byen har vorte avstengt på grunn av faren for at grunnen skal gje etter. Dei siste åra har problemstillinga vorte ytterlegare aktuell, då det no blir brote malm slik at både jernbaneområdet, E10 og andre bustadområde blir utsett for same fare for at grunnen kan rase ut, og faktisk på sikt at bykjernen ligg utsett til. Difor er flytting av sentrale delar av byen alt under planlegging, sjå Kiruna byforvandling.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Før 1800[endre | endre wikiteksten]

Malmførekomstane i Kiirunavaara og Loussavaara har vore kjend lenge av samane, men det var først år 1696 at skrivaren Samuel Isson Mört fekk høyre om jernmalmen. Det var under ei ferd for å undersøkja ein koparførekomst i området at han fekk vita dette. Han rapporterte nyhendet til Bergskollegium, men det varte heilt til 1736 før fjella vart ordentleg undersøkt. Det vart teikna eit kart over området der Kiirunavaara og Loussavaara vart døypt til «Friedrichs Berg» og «Berga Ulrika Eleonora» etter regjerande kong Fredrik I og dronning Ulrika Eleonora. Utvinning av malm kom likevel ikkje på tale sidan området låg avsides til og klimaet var for hardt. Dessutan var det eksportforbod for svensk malm, ei lov som vart oppheva først i 1857.

1800-talet[endre | endre wikiteksten]

Det vart brote ein del malm alt på 1800-talet i fjellet ved Loussavaara. Malmen vart utvunnen sommarstid, og vart frakta med sledar køyrt av rein og hest om vintrane. I Palokorva var det ein masomn der malmen vart foredla. Men transportkostnadane vart så store av utbyttet vart minimalt. I tillegg inneheldt malmen frå Kirunaområdet fosfor, som vanskeleggjorde stålframstillinga ytterlegare.

I 1878 oppfann eit par engelske kjemikarar den såkalla Thomasprosessen, som gjorde det mogleg å skilje ut fosfor frå jernmalm. Det gjorde at malmutvinning vart lønsamt, viss ein kunne finne ei løysing på transportkostnadane. Ein hadde lenge planlagt ein jarnbane frå Luleå til Gällivare, og no vart planane realisert. Eit engelsk selskap tilbaud seg å byggje ein jarnbane frå Luleå og heilt til den norske kysten, og denne strekninga fekk namnet Malmbanen. Prosjektet vart sett i gang i 1884, og etter fire år var ein provisorisk bane bygd fram til Malmberget. No gjekk det engelsk selskapet konkurs, og selde det halvferdige anlegget billeg til den svenske staten. Etter endå nokre år kunne så malmen fraktast frå Malmberget til Luleå 1891.

I 1890 vart Loussavaara-Kirunavaara Aktiebolag, LKAB, stifta, med Robert Schough som styreleiar. LKAB si viktigaste oppgåve vart å framskunde jernbanebygginga frå Gällivare til isfri hamn i Noreg. Dette arbeidet møtte hard motstand. Rett nok hadde lova om eksportforbod av jernmalm vorte oppheva nokre tiår tidlegare, men motstandarane av prosjektet hevda under ein debatt i Riksdagen at ein slik jarnbane kunne opne landet for Russland. Avgjersla om bygging av jarnbana vart til slutt vedteke av Riksdagen og det norske Stortinget, men den svenske statsministeren Boström måtte stille kabinettspørsmål for å få den svenske riksdagen til å gje seg.

I 1897 var Hjalmar Lundbohm styreleiar i LKAB, og planane for det nye samfunnet kring gruvene kom for alvor i gang. Arkitekten Per-Olof Hallman fekk i oppdrag å skape ein byplan, ein byplan som vart underlagd både geografiske og klimatologiske kriterium. Byen vart lagt hovudsakleg til vestsida av det låge fjellet Haukivaara. LKAB kjøpte 500 hektar for gruvedrifta og 241 hektar for Busetnaden. I tillegg vart det avsett 178 hektar til tomter som skulle seljast til privatpersonar.

Den 15. oktober 1899 nådde Malmbanen fram til denne vesle byen, som enno vart kalla Lousavare, ei samling hus med 250 innbyggjarar. Den første bygningen var oppført 1890, på oppdrag av ein av LKABs deleigarar. Bygningen fekk namnet B:1. Nokre månader før Malmbanen nådde Lousavare vart det første barnet i «byen» fødd. Den vesle jenta fekk namnet Kiruna Söderberg. 27. november fekk byen endeleg offisielt det nye namnet Kiruna.

Demografi[endre | endre wikiteksten]

Befolkningsutviklinga i Kiruna by i åra 1900-2000.

I 1900 budde det 222 menneske i Kiruna. Av desse var 65 prosent finsktalande, 24 prosent snakka samisk og 11 prosent svensk. I 2004 budde ca 27 prosent av folkesetnaden i byen i bydelen Lombolo, som ligg nede i dalen aust for Kiirunavaara.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Klima[endre | endre wikiteksten]

Kiruna har eit subarktisk klima med mykje snø og kulde den eine halvparten av året. Takka vere høgda over havet, den tørre lufta og den klimatilpassede byplanen har Kiruna eit eit relativt mildt klima. Kiruna har tre veker polarnatt om vinteren og fem veker midnattsol om sommaren. Nedbør kjem som snø frå oktober til mai. Middeltemperaturen i januar er -14.5 °C og i juli 12 °C. Dagtemperaturar på 20-25 grader er ikkje uvanleg om sommaren. Nedbørsmengda er 488 mm per år.

Arkitektur[endre | endre wikiteksten]

Den tidlegaste busetnaden i Kiruna, området som blir kalla Ön, er riven, og området er avsperra på grunn av rasfaren. Området med arbeidarbustader som vart tidleg oppført av LKAB finst i stor utstrekking og står i samanhengande område. Eit av desse, «Bolagsområdet», er det som er mest truga av gruveverksemda.

Rådhuset i byen (sjå biletet til høgre) vart teikna av Artur von Schmalensee, og vart i 1964 løna med Kasper Salin-prisen som den venaste bygningen i Sverige. Kiruna kyrkje vart teikna av Gustav Wickman og vart bygd av LKAB i 1907-1912. Han er òg kåra til den venaste kyrkja i Sverige og som den venaste bygningen i Sverige oppført før 1950.

I sentrum av byen vart store delar av den tidlege busetnaden av trehus reva for å byggje betongblokker på 1960-talet. Det fremste symbolet for denne ombygginga har vorte kvartalet Ortdrivaren. òg Missionskyrkja er ein del av dette komplekset.

Kommunikasjonar[endre | endre wikiteksten]

Kiruna flyplass har ordinær trafikk til Umeå, Luleå, Östersund, Stockholm og Tromsø. E10 går gjennom byen. Malmbanen har to avgangar dagleg mot Narvik og Stockholm/Göteborg, dessutan ein avgang tur/retur Luleå. Både Malmbanen og E10 går langs avsperringane til sprekkesonen frå gruvene, og er dei anlegga som er mest truga for ras. Desse er planlagt lagt om i samband med Kiruna byforvandling, og dette gjeld òg jernbanestasjonen. Eit av forslaga til omlegging er samlokalisering mellom flyplassen og jarnbana.

Venskapsbyar[endre | endre wikiteksten]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]