Bodens kommun

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Bodens kommun
Boden vapen.svg
Kommunevåpenet til Bodens kommun
Len Norrbottens län
Landskap Lappland
Areal 4 285,13 km²
 – Landareal 4 007,86 km²
 – Vassareal 277,27 km²
Folketal 27 642
Kommunenummer 2582
Kart
Boden Municipality in Norrbotten County.png

Boden kommune er ein kommune i Norrbottens län i landskapet Norrbotten i Sverige. Kommunen grensar til nabokommunane Jokkmokk, Gällivare, Överkalix, Luleå og Älvsbyn. Administrasjonssenteret i kommunen er Boden.

Sentrale Boden.

Administrativ historikk[endre | endre wikiteksten]

Det opphavlege sokneit Överluleå braut i 1831 ut frå Nederluleå. Når kommunalreformen frå 1862 tredde i kraft vart soknet innretta som Överluleå landskommune. I 1892 braut Ederfors landskommune ut frå Överluleå, og i 1896 vart den raskt veksande garnisonsbyen Boden eit municipalsamhälle innan Överluleå landskommune. I 1919 braut Boden ut for å danne Bodens stad. Kommunalreformen i 1952 påverka ikkje området. I 1967 vart Överluleå gjenforeint med byen, og kommunen fortsette under namnet Bodens stad; Gunnarsbyns församling frå Råneå landskommune vart òg innlema i kommunen. I 1971 vart Bua kommune slik han er i dag danna, då Edefors landskommune vart slått saman med Bodens stad.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Urtid[endre | endre wikiteksten]

Fornminnet i Alträsk utanfor Boden har saman med andre i Jokkmokk, Vuollerim og Överkalix lagt grunn for den nye forståinga av den norrländske urtida. Buplassvollane i Alträsk har vorte datert til å vere 7000 år gamle.

Yngre jernalder[endre | endre wikiteksten]

I Hedan har det vorte gjort funn frå kommunikasjon (handel o.l.) med sørlege Sverige i den yngre jernalderein1000-talet. I Hedan-området vart òg kommunen sin første kyrkje bygd, men denne ligg no i ruinar.

Mellomalderen[endre | endre wikiteksten]

Første gongen Boden (som Bodebyn) vart nemnt skriftleg var i eit riksskatteinnkrevingsskrift frå 1539.

Moderne historie[endre | endre wikiteksten]

Överluleå kyrkje vart bygd i 1827, og sentrum vart dermed flytta frå Hedan til Bodträsket.

Sidan slutten av 1800-talet har både Stambanan genom övre Norrland (StockholmHaparanda) og Malmbanan (LuleåNarvik) gått gjennom kommunen.

På byrjinga av 1900-talet byrja ein å etablere fort og garnison (Bodens fästning) i byen for å verne den viktige stillinga til staden. Den største risikoen vart rekna å vere åtak austfrå, frå Russland. Fram til 1990-åra var arbeidsmarknaden i kommunen prega av arbeidet i garnisonen, og dessutan garnisonssjukehuset som vart bygd i nærleiken av kasernane. På 90-talet vart sjukehuset flytta til Södre Sunderbyn i Luleå kommune.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Tettstader[endre | endre wikiteksten]

Boden kommune hadde seks tettstader (tätorter) i 2005. Folketalet i tabellen er frå 31. desember 2005.[1]

# Tettstad Innbyggjarar
1. Boden 18 680
2. Sävast 3 121
3. Harads 558
4. Unbyn 481
5. Vittjärv 429
6. Bodträskfors 205

Småstader[endre | endre wikiteksten]

I tillegg til dei seks tettstadane finst det òg 15 småstader (småorter) i kommunen:

# Småstad Innbyggjarar
1 Svartlå 197
2 Södra Bredåker 195
3 Gunnarsbyn 169
4 Norra Bredåker 137
4 Sörbyn 137
6 Degerbäcken 120
7 Brännberg 114
8 Österåker 84
9 Svartbjörsbyn (nordleg del) 72
10 Buddbyn (sørleg del) 69
11 Buddbyn (nordleg del) 67
12 Sävastnäs 59
13 Överstbyn 57
14 Skòg 54
15 Åbergstorp 51

Venskapskommunar[endre | endre wikiteksten]

Boden har tre vennskapskommunar i andre land:

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Statistiska centralbyrån den 31 december 2005

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Offisiell heimeside

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Bodens kommun